mandag 25. januar 2010

Nydelege kvite møbler frå Em.com

Hadde eg hatt råd skulle eg bytta ut alle møblene mine etter at eg fekk dilla på den kvite, romantiske, shabby og landlege stilen (en god miks)! Men må ta det saaaakte, men sikkert, litt og litt.... Men lov å kikke er det iallfall:)





































onsdag 20. januar 2010

Jul- og nyttårsfeiring i Karibien og USA ♥

Godt nytt år alle saman! Håpar alle hadde ei kjempedeilig jul og eit finfint nytt år! Eg er litt seint ute kanskje, men det har no sine grunnar;) Det er og over 1 månad sidan eg har tatt meg tid til å skrive noko her! Det er for gale altså;)

Eg er på skulen denne veka, og her er det dårleg nettverk på hotellet, så blir lite blogging her og. Ellers kom vi jo heim fra vår fantastiske tur til Statene forrige veke! Og då må eg dele litt av våre opplevelser med dere! Når eg kjem heim etter skuleveka, skal eg konsentrere meg om matte-studier, og litt blogging, så då lover eg å kome innom alle dere som eg ikkje har sett noko til i jula og på nyåret! Men her kjem eit lite knippe frå turen:
Vi begynte altså ferien med ei veke i Orlando, Florida. Den veke hadde vi eigen villa, med 6 soverom, 4 bad, svømmebasseng, spillerom osv. Det kan verkeleg anbefalast:) Den veka vi var der var vi i Disneyworld! Men rakk ikkje alle parkane, så bestemte oss for Magic Kingdom og Epcot i Disney, og Seaworld.

Det første eg gjorde da vi kom til Seaworld, var å gå rett til delfinene! Tenk! Så nærme har eg vore ein delfin! Endeleg!:) Eg fekk mate og klappe den, det var verkeleg heilt fantastisk! Noko eg har drøymt om leeenge! Kosen med delfinen er ialfall noko eg kan leve lenge på, og eit minne for livet!


I Magic Kingdom var det så mykje fint å sjå, og 2 ting gjorde verkeleg inntrykk på oss. Eine tingen var Mickey Mouse Christmas Parade, med alle Disney-figurer du kan tenke deg!! Alle prinsessene, Ole Brumm og vennane, Snipp og Snapp, Donald Duck og mange i Andeby og så vidare! Det var juledekorasjoner overalt, nydelege vogner, dansere, maskoter osv! Her ser dere Snehvit:)

Etter eit besøk i Disneyworld kan ein vel ikkje unnvære ein prinsessekjole?! Angelica fekk velge mellom rosa Askepott-kjole og gul Belle-kjole, og valget falt på Askepott:) Så fin ho blei;)



Vi tok og ei veke på cruise i Karibien (sidan vi liksågodt var i Florida liksom...:p). Her har Angelica pynta seg litt til middagen på vår flotte restaurant på båten, og med Minne Mus-øyrer, kjøpt i Downtown Disney;)


Her er villaen vi budde i:) Og leigebilane våre:)

Miami Beach:)

Cinderella's Castle var den andre tingen som var spesielt fantastisk i Magic Kingdom!! Nydelig!!♥

Liberty of the seas! Cruiset vårt!! Og her stoppa vi på Labadee, Haiti! 30 grader, steikande sol, krittkvite strender og lyseblått hav:)
Cozumel, Mexico! Kjempefint å køyre langs kysten, og oppleve landskapet:)

Fantastisk tur, fantastiske minner, no venter nyeåret med studier, jobb og kvardagslege familieting....:)