torsdag 10. desember 2009

Ein dørkrans er dekorativt og får meg (nesten) til å gløyme korleis inngangspartiet vårt eigentleg ser ut...

for her er det ikkje mykje å juble over! Men eg må ta det som er (iallfall foreløpig), og gjere det beste ut av det, ikkje sant?!:) Lurer på kva dei i borettslaget hadde sagt om eg hadde mala døra mi kvit, når alle har same brune, gamle, fæle døra...? Men må vel høyre med dei før eg gjer noko drastisk, men sannsynlegvis blir det vel eit nei... Men no til jul har eg iallfall fått pynta litt med dørkrans og greier og greier.. og det hjelper jo på. Stor grøn dørkrans frå Plantasjen, med eit kvitt god jul-skilt inni, og ei lita englevinge på:) Ellers såg eg i ein blogg (beklager, hugser ikkje kven sin..! Sei gjerne ifrå!) at ho pynta opp kanna si med busker. Og eg som hadde pakka den vekk til jul, fant den raskt fram igjen, og synst at det var riktig så flott;) Takk for tips!;)



Kvite lanterner har vi hengt opp på kvar si side av døra, noko som og hjalp veldig på utsjånaden til inngangspartiet. Ein kvit stol hjelper og stort på.

Den fine god jul-matta mi likar eg å ta fram kvar jul, og krukka med grøne planter står fint heile året. Kunne tenkt meg å lage platning her, iallfall eit trappetrinn i treplater, men det er no ikkje det viktigaste.....
Fekk nøkkelskapet mitt frå Casa Interiør forrige dagen, kjempefint og kvitt!:) Ved siden av henger det fine knagg-skiltet, der det står "Family - just because two people fell in love" Nååååå.....:)

Ser dere den søte lille steinen ved siden av lanterna? Kjempesøt med raud skrift GOD JUL, frå Plantasjen.
Her kjem det nokre få andre fine inngangsparti, kanskje eg ein dag får eit så fint eit eg og...:) Vart små bilete, men ser no heilheten:) Både gamaldags og moderne.



Ønsker alle ein fortreffeleg herleg dag, sjølv har eg 2 timer igjen av lesing og rekning til eksamen, før eg skal på seinvakt på sjukehuset. Vi nærmer oss forresten jul no! Berre 2 veker igjen....♥

tirsdag 8. desember 2009

Nisse, servietter, og pakke i posten!

Har kjøpt meg endå ein nisse. Syns dei er så fine!! Tenk om det hadde finnast slike englar?! Då veit eg ei som hadde løpt til butikken!! Men syns nissane mine er særs fine, ein på kvar side av trappa:) Har vist den andre før i eit innlegg.


Fikk serviettene mine frå Casa Interiør i går. Kjempefine!!! Ikkje sant?!:)


Og veit dere kva?! I går kom det ein pakke i posten!! Og eg tenkte, "hmm....eg kan ikkje hugse å ha bestilt noko no...??" Og då eg opna pakken, var det eit fortryllande nydeleg hjerte som hadde komt min veg! Og kven ifrå?! Joooo..... Anette frå Anettes hus!! Veit du kva, Anette!? Du er verkeleg eit lyspunkt og ein solstråle i ein strevsom og travel eksamenstid!!


Eg vart så glad, og det passer meg perfekt!! Kvite hjerter, I love it!! Dette hjertet skal få hedersplass i stova! Dette rørte meg så grådig, måtte du få ei herleg og finfin jul, Anette, ei jul som du verkeleg fortjener....!! ♥


Anbefaler alle å anlegge Anette med bloggen http://www.anetteshus.com eit besøk!!


søndag 6. desember 2009

Kvit lysestake

som eg er så førnøgd med! Nydeleg!! Måtte berre vise den:)

Og ein av mine to adventstakar:)


Det var eit kort innlegg frå meg, no er det natt i heimen, og eg er klar(?) for ei veke med matematikk og lesing til eksamen.. blærk....!! Gleder meg til juuuuul ♥

Natta:)

lørdag 5. desember 2009

Før/etter-julekalender og diverse juleting ♥

Fine nissejenta mi med vårt vakre kvite plastikk-juletre;) Men vi liker det vi, og koste oss med å pynte det med kvit og raud julepynt. Snart skal vi ta inn eit ekte juletre, så vi får nyte det litt før vi reiser til utlandet i romjula. Gleder meg til både juletre og juletur:) Sjekk dei søte nissetøflane forresten, 49,50 på SparKjøp. Angie digger dei!;)



Må berre vise ein nydeleg engel som ho "svigermor" har laga, som vi fekk til jul for eit par år sida. Er veldig glad i den, og synst den er kjempefin, kanskje eg skulle ønska meg fleire...:)



Kjempefine juleboka som eg fekk i fjor, som eg skriv i for første gang i år. Til dei som ikkje har noko heimelaga juleminnebok, vil eg anbefale denne. Den er så fin, og eg gleder meg til å skrive juleminner, juleforbredelser og mykje meir kvart år, som blir kjempekos å lese i når vi er gamle og grå;) Koster 199,- på bokhandel.



ANGIE'S JULEKALENDER FØR:


ANGIE'S JULEKALENDER ETTER:

Har ikkje gjort anna enn å lakke den kvit, men blei no fornøgd:) Berre dumt veggen bak er så stygg.. Men den skal vekk, og skal byttast med huntonitt-plater etterkvart! Hmm.... synst kalenderen ser så tom ut... Men alle pakkane som skal vere der, er no der så... jaja.... Kanskje eg må vere litt meir kreativ neste år, pynte meir på pakkane...? Vi får sjå, dei skal no berre pakkast opp av ei nysgjerrig jente, som blir glad, uansett!:)
Ønsker alle ei kjempedeilig helg, kos dere med juleforbredelser eller kva dere no gjer. Eg og gullet skal overnatte hos kusina/bestevennina mi, som og har ei jente på 3 år, så når tacoen er fortært og jentene er lagt til natta, skal vi rekne matte... Jaja... er no kjekkare å gjere det ilag iallfall.. Men no... off to work on klesbutikken!! :)



torsdag 3. desember 2009

Drømmehus!! Og eksamen......

Eg sit no altså og les til eksamen i pedagogikk som er i morgon, hmm... tja.... vel altså... eg dett jo litt ut innimellom, og må jo ha litt pauser også då... Så her kjem eit forrykande raskt innlegg om drømmehuset mitt!! Kva for eit var finast? Med eller utan søyler?! Og med eller utan den halvsirkelen til vindu?




Ønsker alle ein fortreffeleg aften, og lykke til, til meg sjølv i morgon :p

tirsdag 1. desember 2009

1.desember ♥

og Angelica får åpne den aller første kalenderpakken 2009 ♥

"Mon tru kva som er inni her?!"


"Næmmen, er det ikkje...."


"Prinsesse Bell!!" :D

mandag 30. november 2009

Alvene mine frå England

må eg berre vise!! Eg har kjøpt ein alv kvar gong eg har vore i England (vi har tatt englandsbåten før jul nokre gonger), og eg synst dei er så fine:)





Beklager dårleg bildekvalitet, eg har ikkje det beste kameraet, og har heller ikkje råd til noko speilreflekskamera no før øyelikket. Begynner å få lyst på det eg og, sjølv om det er ikkje lenge sidan eg ikkje brydde seg så mykje om sånt..;) Jaja.... slik kan det gå når ein begynner å blogge, og skal ta bilete av ALT MULIG!! ;) Ønsker alle ein kjempekoseleg siste november-dag! I'm off to seinvakt:)

søndag 29. november 2009

Pepperkakebaking og 1.sundag i advent ♥

Koseleg med 1.sundag i advent gitt:)
Det første lyset er tent på staken, og det var og tid for å lage pepperkaker:)

Angelica er så flink atte:)





Formene våre;)

Sluttresultatet!! Mykje pepperkaker å fylle kakeboksane med!! For ein koseleg og julete dag det har vore:D

Litt jul frå gang og trapp ♥

Virker litt tidleg å pynte til jul, men det blir jo så koseleg! Og så skal vi jo vekk i romjula, og det er ein god unnskyldning til å pynte tidleg;)
Fine lysestakar frå Casa, fuglehus frå Kremmerhuset, og fin hjort frå Princess, som eg fekk til halv pris;) Om du kjem på besøk til meg, er dette noko av det første du ser;)

Julesokk:)

Lykt og god jul-stein frå Plantasjen i entreen


Måtte få inn litt grønt i trappa, for å skjule dei stygge kantane! Vi har jo ikkje satt opp lister ennå, sidan vi skal bygge vidare på den og få ein etasje til neste år. Men er fortvilande å sjå på... Men det hjalp med litt girlander langs veggen;)



Og så den fine nissen frå Europris:)
Ønskjer alle ein deilig 1.sundag i advent! Tenn lys og kos dere ♥

fredag 27. november 2009

Adventstaken og jul i stova ♥

Eg begynte med julepynting i går, og har vel fått det meste fram i lyset. Men ser mangler her og der, men det får eg ta litt og litt.. her er iallfall nokre bilete frå litt av vår julepynting:)

Her er den nydelege adventstaken frå Perfect Home, som eg kjøpte i fjor. Den er så fin med engler, men dei blei litt skjult på grunn av adventstala (frå Lobelia) og hjertene (frå Casa Interiør).


Kjøpte desse fantastisk fine serviettene i fjor, som eg har pyntet spisebordet litt med, og mange mange små raude hjerter.


Desse putene er frå Ikea, og eg har julegardiner i same. Dette herlege, mjuke pleddet kjøpte eg på Kid til berre 199,-. Akkurat no sitter jenta mi og ser på barnetv under akkurat dette teppet, i akkurat denne kroken, i akkurat denne sofaen;)



Hjortane fekk av søstra mi i fjor, kjøpt på Ting, dei er så tøffe! Du kan besøke systa mi HER! :)


Julesekk frå Hennes og Mauritz


og juletreteppe i same. Må berre strykast før treet kan kome oppå;) Likte dette settet veldig godt!!

Engler frå Casa Interiør, liggande engel frå Kid, Memories-bok frå Casa og diverse andre småting. Har heilt dilla på engler for tida ♥


Spisestua vår. Julegardinene, stoler og bord frå Ikea. Har lyst å pynte alle stolene med grøne kranser + raudt bånd til å henge dei i, men peng peng peng... Får vere slik ei stund til...;)

Litt frå stova vår altså... Meir pynting blir det nok, men først må eg bli frisk. Har "kost" meg på badet mesteparten av dagen, litt betre akkurat no, håper det går fort over.... God helg alle sammen, og kose dere mykje på sundag når vi kan sette lys i julestjernene og adventstakane!! (Tipper eg tjuvstarter i morgen kveld, tipper mange er med meg på den...?!:p)

onsdag 25. november 2009

Julekjolen(e) til Angie er i boks ♥

Då var juleantrekka til jenta mi klare! Lyserosa kjole (som ho og har fått i svart) frå Hennes og Mauritz




Denne er frå Kappahl, nydeleg med rose på brystet






Og denne fantastiske skjorta er frå Kappahl sin Vintage-kolleksjon,

som var utroleg fin saman med denne tightsen med glansfull effekt frå same sted. Ballerina-skoa h0 har på seg er og frå Kappahl (kjøpt i sommar).
Vi er klare for Christmas!! ♥