fredag 30. oktober 2009
onsdag 28. oktober 2009
Fått AWARD ♥
Eg fekk altså denne fine awarden av snille Kari, som har ein ny kjempefin blogg, som heiter Mitt Lille Hjem.
For å sjekke ut hennar nye fine blogg, trykk på namnet hennar eller bloggtittelen ovenfor.
tirsdag 27. oktober 2009
Juleønsker på Landstil ♥
Tal til adventstaken
Kremmerhus med raud fransk skrift
Lekre ting, ikkje sant?! Sjekk ut Landstil dere og;)
Lenge leve vinteren, om den kjem...
mandag 26. oktober 2009
"Follow me"
Kjøpte dette kjempefine smykkeskrinet med skrift, blonder og søte rom til dillet mitt:)
Søtt:)
søndag 25. oktober 2009
Julestjerne ♥
fredag 23. oktober 2009
Julegardiner ♥
Eg sliter så med å velje julegardiner!! Kjempevanskeleg å finne dei heilt riktige gardinene, som eg skal ta fram og henge opp kvar jul.. Er det nokon som har har nokon fine gardiner dere vil dele, til hjelp og inspirasjon? Eller butikker/nettbutikker med lekre gardiner? Og kva synest dere er finast av desse eg har her? Eg har sjølv ein favoritt, men vil gjerne høyre andres meiningar.. Kva er finast? Og er det finast med kvite gardiner, raude eller begge deler? Skal eg ha same gardiner i kjøkken og stue eller ulike? Uff så vanskeleg... Har ikkje hatt julegardiner før, men no er det på tide! Og eg gleder meg! Om eg finn dei rette!!;)
torsdag 22. oktober 2009
Gangen som eg aldri blir fornøgd med..
Her er iallfall min gang.... Kva skal eg gjere her for å få det koseligare?
Inngangsdøra har eg såååå lyst å male kvit.... Spørs om eg får lov av mannen og av borettslaget....
Men ei fillerye hjelper no på...;)
Taa daaa....
Fadervår og kvit ramme, kjempeskjønt..
Sinkhjerter og roser til dekorasjon.
Den stappa kroken vår med yttertøy, sko og litt dill øverst...;)
Trappa opp til stue, kjøkken, kontor og bakhage. Malte trappa kvit i sommar, og det vart veldig bra med dei trinnbeskyttarane. Har to av dei lysestakane som pryder halvplanet i trappa, dei er og frå Perfect Home. Og så har vi jo og den fine og skeive (!) sjablongen min....;)
Og heilt til slutt, no har gyngestolen min fått seg den etterlengta puta si! Den kjøpte eg i stad, for berre 25,- på Jysk, og tenkte for meg sjølv at den måtte no passe perfekt, og gjett om den gjorde! Sa eg at den kosta berre 25 kroner?! Hihi... Eg blir så glad når eg finn slike scoop! Og saman med teppet som eg fant i alt rotet mitt på boda, blei det jo ikkje så aller verst...?
Så... det var litt frå vår entre og gang! Vi har ikkje hengt opp noko på veggane endå, men eg har ei nydeleg klokke eg vil ha der, eit par fine knaggar og ei kvit hylle med skuffer. Veit ikkje heilt kva sambuaren min meiner om alt dette, han seier så lite... Kanskje han synest det er berre tull å ha slikt "dill", eller kanskje han synest det faktisk er fint og koseleg, han vil berre ikkje innrømme det...:p Satser på det siste eg.... Ha ein kjempefin torsdag alle saman ♥
onsdag 21. oktober 2009
Gyngestolen min:)
Pussing på gang:)
ETTER:
lørdag 17. oktober 2009
Juleshopping i julebyane ♥
Vi har nokre år før jul tatt englandsbåten frå Bergen over til Newcastle. Det er ein kjempefin tur, og vi kosar oss med restaurantane, taxfree, musikk og dans, kald frisk luft på dekk, og full juleshopping i Newcastle sentrum eller på Metro-senteret utanfor byen. Dette er ein ganske rimeleg tur, og noko alle burde unne seg i julerush og julegåveshopping. Metro-senteret er gedigent, og du er god om du rekk gjennom alle butikkane på laurdagen der vi tar bussen til senteret kl.9 om morgonen, og reiser heim kl.18. Jammen er ein slitne i beina etter den dagen! Men då er det ekstra godt å reise tilbake til båten, nyte synet av alle dei fine engelske gåvene du har kjøpt, og ete god mat på restaurant og ta ein god drink. Det einaste er at været kan vere regn, storm, og fleire meter høge bølger. Så det er ikkje for dei som er pysete og blir lett dårlege i båt! Sist gong vi var, var det sagt at det var 9 meter høge bølger, og eg hugsar då vi gjekk i gongane på båten at vi gynga, sklei frå side til side, og måtte halde oss i rekkverk der det var det. Fata på borda i restaurantane ville ikkje stå i ro, og eine natta datt vi nesten ut av senga, og tinga i lugaren for frå side til side! Spennande, og nervepirrande! Men er ikkje alltid veret er så gale, og det er så deilig med ein slik tur før jul.
Legg ved nokre nydelege julebilete av julebyar.. :)
Her er eit nydeleg julebilete frå Berlin ♥
Avsluttar med bilete frå København! Kanskje vi skal prøve den byen neste år, til juleshopping og førjulsnyting...:)