fredag 3. juli 2009

Faste??


No har eg heilt endra kosthaldet mitt og har gått ned 2 kg sidan mandag. Eg kan vel ikkje kalle det faste slik eg hadde tenkt, men noko i nærleiken er det. Eg starta måndag og tysdag med kun juice og vann, og litt vatnmelon. Men onsdagen måtte eg ha noko mat, og hadde salat med krutongar i. I går åt eg mykje vatnmelon, noko eplebitar og pære og ein liten appelsinjuice. Kroppen min er jo vant til å få inn karbohydrater i form av brød, poteter og pasta, mykje kjøtt gjennom kjøtdeig, mykje pepsi max og no plutseleg ingenting. Så kroppen rensar vel ut ein del avfallstoff og skil ut vatn.Veit ikkje korleis eg skal fortsetje neste veke, kanskje byrje å inntrodusere litt fiber og karbo igjen, men kun i form av knekkebrød og litt pålegg i tilfelle. Kanskje kylling i salaten og:)

Skal på nattevakt i natt, håpar ikkje mitt nye kosthald går ut over konsentrasjon og arbeid. Er ikkje berre berre å sitje i 9 timar og skrive legejournalar og og registrere pasientar som skal innleggjast når ein ikkje får nok mat. Men derimot kan det jo gå mykje betre, at eg er meir klartenkt og har meir energi når eg ikkje spiser så mykje tung mat.

Er spent på om eg klarer å kun spise dette gjennom heile helga, har jo ein tendens til å gå over i helgemodus, og kjøpe mykje vi skal kose oss med gjennom helga som lørdagskvelds og snacks. Gleder meg til veiing på måndag om eg har fått til alt dette:)

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar