fredag 26. juni 2009

Får ikkje sove...

Har nett sove ein time, men når ein våknar av at ein har opplevd noko ekkelt i ein draum, vil ein gjerne heller ikkje sove meir.. Slik er iallfall eg, og no sit eg her då.. Og les litt på nett om å tyde draumane. Det er eit innvikla felt, men eg er nødt å finne ut av litt meir... Eg har tilbakevendande draumar og no skal vi sjå då...:)

Fant nokre tips om korleis forhindre mareritt og kvifor ein får dei. Vil gjerne dele dei, og om det virkar interessant, er det berre å besøke http://www.droemmetydning.com/.

Kvifor ein har mareritt:
- Det er støy eller bråk rundt deg.
- Du prøver å finne ut av eit problem.
- Det kan vere restar etter ei vond oppleving.
- Du har ei konflikt med korleis du har det, og korleis du ønskjer å ha det.
- Du straffar deg sjølv for noko du ikkje har gjort.
- Du brukar ikkje energien din på riktig måte.
- Du har ete for mykje eller brukt narkotika.


Korleis ein kan forhindre mareritt:
- Du kan prøve å finne ut kva draumen vil seie deg, og om det er noko du gjer feil i ditt verkelege liv.
- Du kan prøve å endre deg til "det betre".
- Sei til deg sjølv før du legg deg til å sove at du ikkje skal ha mareritt, og dersom du verkeleg får mareritt sei då at ein ven kjem for å hjelpe deg.
- Dersom det er eit monster eller liknande du blir jaga av, skal du spørre ut dette monsteret om det du lurar på.
- Dersom du trur det kan vere støy som plagar deg når du søv, bruk øyreproppar.
- Ikkje et eller drikk for mykje kort tid før leggetid.


Nokre av desse tinga kan verkeleg stemme og også fungere, så dersom ein slit med vonde draumar, kan noko av dette vere eit hjelpemiddel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar