torsdag 11. juni 2009

Hage og blomster

Jammen er det mykje ein må tenkje over når ein skal lage hage eller ein liten blomsterflekk. Eg har ein liten jordflekk mellom platningar på to nivå, der eg skal plante noko spanande. Dette er bak huset, altså vår lille hageflekk som mesteparten er blitt terrasse no, men det er heilt greit. Å klippe plenen er ikkje akkurat noko eg lengtar etter å gjere, men litt pene fargar i eit bedd hadde vore fint. Bare eg klarer å halde dei fine. Framanfor leiligheita har vi og ein grøn hageflekk, der eg har lyst å setje noko kvit møblement, for eksempel ein antikk benk og eit gamalt bord. Nokre potter med fine planter hadde og gjort seg. Leitar etter inspirasjon på nettet, og det er utroleg mange fine blogger med nydelege bilete fra hager, hus og hytter. Har fått skikkeleg sansen for shabby chic! Er ikkje lenge sidan eg kun ville ha det minimalistisk, moderne, reint og glatt. Ting endrar seg raskt... Gledar meg til å få sjå sluttresultata på dette prosjektet, håpar eg får gjort mykje, iallfall ein del av det, innan jentungen sin bursdag i slutten av juni...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar