fredag 19. juni 2009

Trappetanker

I dag har eg endeleg fått mala mi gamle trapp heilt kvit! Det var på tide. No var eg så lei av å sjå på det gamle belegget og gusjne fargar. I morgon skal andre strøk på, og så er den grei for no..;) Det er berre ei midlertidig løysing, sidan vi skal byggje på leiligheta om eit års tid. Men noko måtte eg gjere, og å male over eit par gonger tar ikkje lang tid og kostar bare eit par hundrelappar. Men eg drøymer om ei heilt ny trapp, men det blir nok ikkje før vi skal byggje hus i nærleiken av garden der min utvalgte skal ta over;) Og då må eg leggje med bilder av dei to lekraste trappene eg har sett meg ut no... Sjølv om det kan vere mange år til enno....;D




1 kommentar: