søndag 13. september 2009

Laurdag:)

Laurdag er ein fin dag:) Spesielt når ein har fri! Eg og Angelica vakna eigentleg aaaaltfor tidleg, men var lys våkne, så stå opp, det gjorde vi:) Kl.05.45!

Vi kosa oss med god frukost under teppet i sofaen,



og barne-tv:)

Seinare fekk vi besøk av kusina mi, og dattera hennar, som og er 3 år, så jentene har det så kjekt ilag!

Vi laga graut,


og vi "vaksne" måtte gjere litt matte, sidan vi begge tar matte i lærarstudiet:)


Seinare på kvelden reiste dei heim og sambuaren min kom heim. Angelica måtte i seng, og eg gjekk heller ikkje den kvelden glipp av So you think you can dance. Og neste veke er det finale!!!:D Elles kosa vi oss med bakt potet og American Chopper på Discovery Channel! Det er noko av det einaste eg likar å sjå som Roger (som min betre halvdel heiter) og likar å sjå på..:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar