søndag 30. august 2009

Kjøkken, soverom, stue



Herlege klede frå roselille.dk


Dagen i dag

- Søndagsfrukost: pannekaker til meg og Angie:)

- Reprise på So U think U can dance.

- Familiemiddag hos mor, saman med søstra mi og hennar familie.
- Pakke til skulestart og 1 veke hotellopphold i morgon.

lørdag 29. august 2009

Minner frå kvar dag

Snakka med ein eldre kollega i går om det å ta vare på dagane som går, og hugse kva ein gjer frå dag til dag. Ho kollegaen min bruker bøker og almanakker og skriv alt ned i dei. Litt for kvar dag som går; om ho gjekk tur, evt. kvar, været, kven ho ringte til (!?), og så vidare. Dette har eg bestemt meg for å gjere og, synst det var ein kjempegod ide. Er jo ofte eg lurer på kva eg gjorde ein viss dag, eller kvar eg var og liknande. Så eg startar no eg, så får eg prøve å skrive litt kvar dag:) Men eg velger å bruke bloggen min, i staden for bøker og papir som eg aldri veit kvar er..;p

I går fredag:

- På jobb, opplæring på Registreringa på sjukehuset. Så no har eg egentleg to jobbar på SSF, på Sentralen og Registreringa:)

- Henta Angie i barnehagen, rett opp til ho mor og klippa og farga håret hennar, og fiskebollar (min favorittrett hos mor) til middag.

- Innom Skeidar og nett kjøpe fin kvit Lista veggskap som passer til Lista -kommoden som eg har:)



- Vel heime, leggetid for gulljenta og So U think U can dance, mitt favorittprogram!
- Litt matte-lesing før leggetid for meg sjølv, men forstår så lite, så blei fort soving i stedet ja..


I dag:
- Oppdatert meg litt på ulike blogger.

- Sett på morgontv (barnetv) og spist frokost med jenta mi.

- 80-årsdag på Rica Hotell for mormora til sambuaren min.

Inspirasjon til barnerommet, nydelege!





Bilete funne på nettbutikken http://www.miasinterior.no/

Inspirasjon til bad



Funne på nettbutikken: http://www.miasinterior.no/

mandag 24. august 2009

Ting å hugse på.

Fant dette på Lindas hjørne (http://lindas-sted.blogspot.com), og synst det var så smart, at eg må prøve å ha noko liknande her. No er jenta mi 3 år, og eg tenkte å skrive inn litt angåande ho, så eg ikkje gløymer det:) Har fylt inn noko.

Favoritter/Liker:

Mat/Pålegg/Drikke: Brødskive med kaviar, pizza, pasta carbonara, mjølk, saft.
Klesplagg: Fine kjoler.
På Tv/Film: Barnetv, Drømmehagen (men det byrjar å skli ut), American Funniest Home Videos.
Leik, inne: Leike med dukkene og vognene, leike med kattungen Max.
Leik, ute: Disse og skli på leikeplassen, jobbe i hagen, sykle på trehjulsykkelen.
Beste leiker, kosedyr og koseting: Lilla CareBear-bamse, dukkene.
Bok/blad: Sangboka som vi syng frå om kveldane, prinsesse-bøker.
Farger: Raud, blå, rosa.
Gjer i barnehagen: Perling, måling og teikning, disse ute.
Andre favoritter:
Noko innen desse kategoriene dei har klare meininger om at dei ikkje liker?

Rutiner og vaner i ulike situasjoner:
Korleis er ho når det gjeld:
Stå opp, morgenrutiner:
Påkledning:
Måltid, frukt:
Bhg:
Språk/snakking:
Kveldsstellet, korleis er det på natta, kjæledyr i senga:
Leggerutiner:
Soving:
Hjelper til med/rydding:
Vennskap:
Gå tur:
Liker av aktiviteter, og evt er med på (evt hobbyer):
Flink til:
Må øve seg på:

fredag 21. august 2009

Stua mi:)





søndag 2. august 2009

Max!

Vi har fått pus i heimen! Kjempekosete og leiken og snill som berre det! Desverre fekk han katteinfluensa etter berre 4-5 dagar hos oss, men etter eit besøk og to sprøyter hos veterinæren, og tablett kvar morgon og kveld, er han på bedringens veg! Søte Max:)