Eg var innom Tove sin fine blogg "Tankar frå ein kvardag", der eg las noko som står mitt hjerte nært! Ho oppmoda andre å skrive noko om dette på sine egne blogger, og det gjer eg gjerne! Eg vil dele hennar innlegg og, sidan det er så viktig, så her kjem det:

Tove skriv:
"Det har brått vorte kaldt rundt om kring, og då er det viktig å ta godt vare på dyra. Særleg tenkjer eg på små, uskuldige kattungar som berre blir sende ut på eiga hand. Kanskje med eit håp om at dei aldri kjem tilbake. Kanskje som eit misforstått forsøk på å lære dei å verte sjølvstendige. Dersom du ikkje vil ha kattepusen din, eller alle kattungane, så må du gjere det einaste rette: ta livet av dei på ein human måte. Dersom du ikkje får gitt vekk alle kattungane dine, så må du i allefall ikkje berre sleppe dei ut på eiga hand!!!
I helga hadde ein kollega av meg funne ein ihelfrosen og utmagra kattunge på trappa si. Ho tok sjølvsagt inn pusen og gav han mat. Kva anna kan ein gjere???
Dagens vesle bøn er difor å ta godt vare på dyra no når gradestokken kryp nedover og snøen kjem lavare og lavare!
Pusane på biletet har det i alle fall “godt som katten”! Biletet har eg funne på “We heart it”, og det er
Sara Berntsen med bloggen “The Point of Pointless” som har teke biletet.
Ta godt vare på dyra dine – og andre sine!
Det hadde vore kjekt om denne bodskapen kunne gå som ein farsott i Blogglandia i dag! Skriv gjerne om det same på bloggen din og link til innlegget mitt!!! "
Så folkens, dette er noko å tenke over! Eg kom til tenke over eit oppslag som var i lokalavisa vår, der Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane ikkje har moglegheit til å ta vare på alle kattane som treng hjelp.. Kvifor kan ikkje eigarar sjølv ta ansvar?! Eit godt tips, som eg synast alle burde tenke på, er å sterilisere/kastrere kattane sine! Sjølv om kattungar er verdas skjønnaste dyr (sjå mitt forrige innlegg;)), så er det ikkje verdt å la kattar fryse og svelte i hjel, fordi vi menneske er for late og ikkje gidd å tenke over konsekvensar... Bry deg! Og om alle gjer noko, hjelper det mykje!!