søndag 29. november 2009
Litt jul frå gang og trapp ♥
torsdag 22. oktober 2009
Gangen som eg aldri blir fornøgd med..
Her er iallfall min gang.... Kva skal eg gjere her for å få det koseligare?
Men ei fillerye hjelper no på...;)
Fadervår og kvit ramme, kjempeskjønt..
Sinkhjerter og roser til dekorasjon.
Den stappa kroken vår med yttertøy, sko og litt dill øverst...;)
Trappa opp til stue, kjøkken, kontor og bakhage. Malte trappa kvit i sommar, og det vart veldig bra med dei trinnbeskyttarane. Har to av dei lysestakane som pryder halvplanet i trappa, dei er og frå Perfect Home. Og så har vi jo og den fine og skeive (!) sjablongen min....;)
Og heilt til slutt, no har gyngestolen min fått seg den etterlengta puta si! Den kjøpte eg i stad, for berre 25,- på Jysk, og tenkte for meg sjølv at den måtte no passe perfekt, og gjett om den gjorde! Sa eg at den kosta berre 25 kroner?! Hihi... Eg blir så glad når eg finn slike scoop! Og saman med teppet som eg fant i alt rotet mitt på boda, blei det jo ikkje så aller verst...?
Så... det var litt frå vår entre og gang! Vi har ikkje hengt opp noko på veggane endå, men eg har ei nydeleg klokke eg vil ha der, eit par fine knaggar og ei kvit hylle med skuffer. Veit ikkje heilt kva sambuaren min meiner om alt dette, han seier så lite... Kanskje han synest det er berre tull å ha slikt "dill", eller kanskje han synest det faktisk er fint og koseleg, han vil berre ikkje innrømme det...:p Satser på det siste eg.... Ha ein kjempefin torsdag alle saman ♥
onsdag 21. oktober 2009
Gyngestolen min:)
ETTER:
lørdag 12. september 2009
Gangen vår:)
Eg elskar bokstavar, og sjølvsagt må Angelica få ha bokstaven sin på døra si! Denne er kjøpt på Kremmerhuset, ein av mine favorittbutikker!
Her har eg samla alt vi skal ha rundt om i gangen, vi er ikkje ferdige å pusse opp, så det får berre stå slik så lenge.. Vi har listing igjen i både gangen og entreen, og ting tar tid... Spesielt no når jakta er begynt, og eg klarar ikkje å liste...! Kom deg heim, mann:p
Dei brune rammene og det brune nøkkelskapet er frå Perfect Home (bileta er mi herlege datter med englevinger på + eit bilete frå sjukehuset av den lille familien då ho vart født), skopusseboksen er og frå Perfect Home, kommoden er frå Skeidar, kosten frå Biltema, posen med tøfler frå Jysk, og skiltet "Velkommen" er frå Kremmerhuset:)
Her har eg foreløpig hengt opp tavla og dill frå Lobelia, og diverse andre ting, som skal pryde gangen den gang den blir heilt ferdig.. :p
Kommoden er kjøpt på Skeidar (skal eigentleg vere svarte tøyskuffer i hyllene, men dei har eg tatt vekk, har lyst å ha kvite kurver der etter kvart, men er jo enklast å ha det slik når skoa er der), knaggen er frå Kremmerhuset og elles er det meste frå Lobelia.com
Blir kjekt når gangen og entreen er finito!
