Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

onsdag 29. juni 2011

My kitchen

I dag har eg tatt bilder av mitt lille kjøkken:)
Her går det i kvitt og grått/sølv, mine favorittfarger:)

Eg drømmer om kjøkkenutsikt der eg ser grønt gress, fine gjerder, trær, dyr og barn som springer i gresset, solskinn osv..... Foreløpig får eg nøye meg med å se på bilen min;)


Eg lika kjøleskapet mitt! Stort og flott!


Eg husker at eg SKULLE ha knotter, er jo berre 8 måneder siden eg flytta inn, men no hadde eg nok heller velgt handtak, og eg veit akkurat hvilke...



Til ære for fotografen (meg) er gardina trekt til sides, men det er ikkje dagligdags. Folk på parkeringsplassen kan sjå rett inn. Og det kan eg ikkje fordra. Så ja, gardinene blir godt brukt.

Benkeplata er eg veldig glad i, liker dei forskjellige nyansane i grå. Og den er veldig lett å vaske, og null fingermerker. Det var eit krav.

Så det var en liten kikk inn på min kjøkken. Ønsker alle en fantastisk dag!

tirsdag 10. november 2009

Fine julegardiner er komt min veg ♥

Bestilte meg desse julegardinene frå Ellos for å sjå om dei kunne passe inn på kjøkkenet hos oss. Og det gjorde dei såvisst!! Biletet er frå Ellos, ikkje frå vår heim, men det kjem nok i desember når dei er hengt opp! Synast dei var så skjønne! Med puter og løper i same:) Gleder meg til juuuul!!



fredag 2. oktober 2009

HOME SWEET HOME!

Må nett vise den herlege kjøkkenserien min, frå Perfect Home! Ei veninne av meg som er forhandlar, og eg har vore ein svært god kunde hos ho! No når eg sjølv skal selge Casa, finn eg nok mykje fint der og, men kjem nok ikkje til å slutte å handle hos ho, om eg finn noko eg verkeleg vil ha:)







Ååå så herleg det er å vere heime!! Har nett komt inn døra etter ei skuleveke heimefrå! No skal eg snart lage middag til dei som kjem frå jobb og barnehage, og eg gledar meg sånn til å sjå dei! Føler at for kvar gong eg kjem heim etter ei skuleveke (er vekke på skulen 6 veker kvart år) snakkar dottera mi mykje meir og lettare, så eg er spent på å høyre ho. Ho veks altfor fort iallfall, det er sikkert! Og munnen går i eitt;) Søte ho!!

Og så godt det er å vere tilbake her på bloggen og! På grunn av dårleg nett (eller kva det var) på hotellet, får eg ikkje logga inn på bloggen! Så det var maks koseleg å få opna bloggen skikkeleg igjen, og sjå kommentarar, nye følgarar og mykje nytt på andre sine bloggar! Skal sette meg ned i kveld og kose meg i blogglandia:) Sjølv om eg heller skulle gjort skulearbeid, men først litt meir interessant lesing! Matte er ikkje interessant, berre ufatteleg vanskeleg og uforståeleg!! Blir frustrert kvar mattetime, siden eg ikkje skjønar nokon ting, og føler eg er den einaste. Så no blir det godt å sitje heime aleine, og heller vere frustrert for meg sjølv, og rekne matte i mitt eige tempo!

I morgon skal eg på min nye ekstrajobb, som eg gleder meg mykje til!! Har savna å jobbe i butikk, sidan vi la ned skobutikken der eg var så heldig å vere butikksjef, men no fekk eg tilbod om å begynne som ekstrahjelp på Vero Moda/Jack & Jones!! Og sjølv om eigentleg ikkje kan ta på meg meir, så kan eg ikkje seie nei til å jobbe der, med klede og mote! Så no blir det fullt kjør fram til jul, med jobben på sjukehuset, på Vero Moda, med Casa Interiør, skuleoppgåver og eksamener og i tillegg mykje trening og familieliv! Puh...!!;)