fredag 30. oktober 2009

Fine juleklede ♥

Sjå så fine juleklede for born på Cellbes
















onsdag 28. oktober 2009

Fått AWARD ♥

Tuuuusen takk Kari, for denne fine awarden!! Ååå, no vart eg kjempeglad!

Eg fekk altså denne fine awarden av snille Kari, som har ein ny kjempefin blogg, som heiter Mitt Lille Hjem.

For å sjekke ut hennar nye fine blogg, trykk på namnet hennar eller bloggtittelen ovenfor.
Ønsker alle ein finfin onsdagskveld:)

tirsdag 27. oktober 2009

Juleønsker på Landstil ♥

Landstil har så mykje fint!! Har så lyst å bruke flust med penger der, men det har eg desverre ikkje råd til, snufs snufs, så eg legg det heller ut her i håp om at nokon som kjøper julegåve til meg ser dette;) Og til alle dere som ikkje kjøper julegåve til meg, kan heller berre nyte synet av desse nydelege juletinga frå Landstil ♥

Tal til adventstaken


Stor englevinge


Små englevinger


Kremmerhus med raud fransk skrift


Stoffhjerter med raud skrift


Duk med juleevangeliet ♥


Sjablong og kvitt girlander


Lysestake JUL

Lekre ting, ikkje sant?! Sjekk ut Landstil dere og;)

Lenge leve vinteren, om den kjem...

No har eg nett komt heim fra deilig og forfriskande fjelltur, og sjølv om eg er glad det ikkje var snø på toppen i dag, er eg veldig glad i snø elles:) I dag sneik solskinnet seg fram då eg nærma meg toppen, og det er ein så herleg fridomskjensle å vere høgt oppe på eit fjell heilt aleine tidleg på morgonen, og sola titter fram! Men sidan eg gleder meg veldig til jul, og håper vi er så heldige å få kvit jul i år (har vore mangel på det dei siste åra....), vil eg dele nokre nydelege vinterbilete med alle! Måtte snøen komme, og bli liggande gjennom heile førjulstida, romjula, nyttårsafta og gjerne utover nyåret og!! :)














mandag 26. oktober 2009

"Follow me"

Var innom Jysk forrige dagen. Eigentleg er eg ikkje noko fan av den butikken, sidan eg har litt dårleg erfaring med servicen der, men må jo berre innom av og til, sidan det nokre gonger dukker opp fine ting der;) Og så fant eg altså det, ein fin serie som heiter "Follow me".




Kjøpte dette kjempefine smykkeskrinet med skrift, blonder og søte rom til dillet mitt:)





Søtt:)



Og denne klokka var jo ikkje så aller verst heller?! Same serie, og billig!
Ganske nøgd med kjøpet eg;)

søndag 25. oktober 2009

Julestjerne ♥


Eg vil ha sånn julestjerne! Synest denne forma er fin. Men den må vere kvit. Og eg veit det finnast:) Nokon som har det?? Nokon som veit kvar eg kan finne ei KVIT julestjerne a la denne?!?! :) Men snart kjem det jo meir juleting i butikkane..:) Kanskje eg finn det, raskare enn eg trur..
I dag har det vore ein deilig sundag! Eg og Angelica har vore på Hafstadfjellet, som er eit fjell med bratte bakkar opp og ned. Og Angelica, som berre er 3 år, imponerte meg stort, med å ikkje surmule og klage ein einaste gong! Vanlegvis brukar eg 1 1/2 time på den turen, i dag blei det nesten 4 timar. Vi gjekk i hennar tempo, og hadde pausar når ho trengte det. 4 timars fjelltur, med 2 timar rett opp og nesten 2 timar rett ned igjen. Eg er stolt over gullet mitt! ♥

fredag 23. oktober 2009

Julegardiner ♥





Eg sliter så med å velje julegardiner!! Kjempevanskeleg å finne dei heilt riktige gardinene, som eg skal ta fram og henge opp kvar jul.. Er det nokon som har har nokon fine gardiner dere vil dele, til hjelp og inspirasjon? Eller butikker/nettbutikker med lekre gardiner? Og kva synest dere er finast av desse eg har her? Eg har sjølv ein favoritt, men vil gjerne høyre andres meiningar.. Kva er finast? Og er det finast med kvite gardiner, raude eller begge deler? Skal eg ha same gardiner i kjøkken og stue eller ulike? Uff så vanskeleg... Har ikkje hatt julegardiner før, men no er det på tide! Og eg gleder meg! Om eg finn dei rette!!;)

torsdag 22. oktober 2009

Gangen som eg aldri blir fornøgd med..

Jammen er det vanskeleg å innrede ein gang/hall/entre... Eg blir ikkje fornøgd uansett, eg synast gangen er for trang og for liten og for enkel, men samtidig for rotete... Kva skal eg gjere for å få det slik eg eigentleg vil ha det tru?! Bygge ein ny gang..?! Det blir jo ikkje med det første... Trur nesten eg må la det vere slik frem til vi skal bygge ny trapp neste haust, og om nokre år skal vi flytte herifrå og byggje vårt eige hus! Då skal eg iallfall ikkje ha noko trang og liten gang! Då skal eg ha ein stor og luftig entre, og alle seier "WOW!" når dei kjem på besøk!:p Det er no lov å drøyme... Men tenk då... ei stor kvit dobbeldør, og når du kjem innanfor er det ein stor hall og laaangt opp til taket, trapper som vender seg oppover til andre etasje på begge sider av hallen! Og oppe der trappene møtast ser du ei stor lys loftstue. Store åpningsdører fra alle kanter inn til ei herskapeleg spisestue på eine sida av hallen, eit nydeleg kvitt kjøkken på andre sida og ei stor, men heimekoseleg stue med bjørneskinn på gulvet under trappene... Ååå... jammen er det godt vi har lov å drøyme litt, jenter....;)


Her er iallfall min gang.... Kva skal eg gjere her for å få det koseligare?
Inngangsdøra har eg såååå lyst å male kvit.... Spørs om eg får lov av mannen og av borettslaget....


Her i entreen har eg denne benken, som eg heller hadde kjøpt i kvit, hadde det vert no...! Men då eg kjøpte den, var eg kjempeglad i brune møbler, og var superglad for kuppet eg fant..;)
Men ei fillerye hjelper no på...;)

Nydelege jenta mi på bileta, ramma er kjøpt på Perfect Home-party, kjempefin i valnøtt, og eg skal ikkje seie at eg heller ville hatt den i kvit... Nei der sa eg det visst... jaja...;) Men veit ikkje heller om eg vil male eller lakke den, for den er jo såpass dyr og fin at eg kan jo øydelegge heile ramma då... Skopusseboksen er og frå Perfect Home,



og den er stappfull av skopuss og pleie frå Bianco Footwear:)




Her står eg i entreen og ser inn i gangen, listene er satt opp og eg skal til å endeleg få setje tinga mine på plass:)


Taa daaa....

Her er eit knippe av mine mange kjære ting; Sinkhjerter med roser oppi og krusifiks, Fadervår i ramme, mugge og fuglebur. Nokon som kan hjelpe meg med å finne ut kva eg skal ha inni fuglehuset?? Eg har tenkt på kongler, mose og litt greiner, iallfall no når det nærmar seg jul.. Andre forslag??

Mugga er frå Lobelia, veldig fin synest eg!



Fadervår og kvit ramme, kjempeskjønt..


Sinkhjerter og roser til dekorasjon.


Den stappa kroken vår med yttertøy, sko og litt dill øverst...;)


Trappa opp til stue, kjøkken, kontor og bakhage. Malte trappa kvit i sommar, og det vart veldig bra med dei trinnbeskyttarane. Har to av dei lysestakane som pryder halvplanet i trappa, dei er og frå Perfect Home. Og så har vi jo og den fine og skeive (!) sjablongen min....;)


Og heilt til slutt, no har gyngestolen min fått seg den etterlengta puta si! Den kjøpte eg i stad, for berre 25,- på Jysk, og tenkte for meg sjølv at den måtte no passe perfekt, og gjett om den gjorde! Sa eg at den kosta berre 25 kroner?! Hihi... Eg blir så glad når eg finn slike scoop! Og saman med teppet som eg fant i alt rotet mitt på boda, blei det jo ikkje så aller verst...?

Så... det var litt frå vår entre og gang! Vi har ikkje hengt opp noko på veggane endå, men eg har ei nydeleg klokke eg vil ha der, eit par fine knaggar og ei kvit hylle med skuffer. Veit ikkje heilt kva sambuaren min meiner om alt dette, han seier så lite... Kanskje han synest det er berre tull å ha slikt "dill", eller kanskje han synest det faktisk er fint og koseleg, han vil berre ikkje innrømme det...:p Satser på det siste eg.... Ha ein kjempefin torsdag alle saman ♥

onsdag 21. oktober 2009

Gyngestolen min:)

FØR:


Pussing på gang:)





ETTER:
Det endelege resultatet! Fin kvit gyngestol!!



Dessutan er nettopp alle listene i gangen satt opp, og eg kan begynne å setje ut tinga mine! Heldigvis for min betre halvdel og hans venn, som var flink å liste;) Bilete av gangen kan eg leggje ut i morgon! :) Lysestakane er frå Casa Interiør, var dei ikkje fine? :)




Prøvde å leggje i ei pute, men denne var så stor at det var nok finast utan pute i stolen? Eg skal kjøpe ei mindre lys pute, som passer i stolen seinare tenkjer eg. Denne brune store puta høyrer til i sofaen i stua eigentleg, så den må vel opp igjen der før mannen kjem heim, og skal kvile middag:p



lørdag 17. oktober 2009

Juleshopping i julebyane ♥

Jul jul jul! Klarer nesten ikkje vente! Jul, jul kom igjen, jula er min beste venn... hmm.... var vel eit par ordfeil der, men kanskje eigentleg ikkje..?!;)


Vi har nokre år før jul tatt englandsbåten frå Bergen over til Newcastle. Det er ein kjempefin tur, og vi kosar oss med restaurantane, taxfree, musikk og dans, kald frisk luft på dekk, og full juleshopping i Newcastle sentrum eller på Metro-senteret utanfor byen. Dette er ein ganske rimeleg tur, og noko alle burde unne seg i julerush og julegåveshopping. Metro-senteret er gedigent, og du er god om du rekk gjennom alle butikkane på laurdagen der vi tar bussen til senteret kl.9 om morgonen, og reiser heim kl.18. Jammen er ein slitne i beina etter den dagen! Men då er det ekstra godt å reise tilbake til båten, nyte synet av alle dei fine engelske gåvene du har kjøpt, og ete god mat på restaurant og ta ein god drink. Det einaste er at været kan vere regn, storm, og fleire meter høge bølger. Så det er ikkje for dei som er pysete og blir lett dårlege i båt! Sist gong vi var, var det sagt at det var 9 meter høge bølger, og eg hugsar då vi gjekk i gongane på båten at vi gynga, sklei frå side til side, og måtte halde oss i rekkverk der det var det. Fata på borda i restaurantane ville ikkje stå i ro, og eine natta datt vi nesten ut av senga, og tinga i lugaren for frå side til side! Spennande, og nervepirrande! Men er ikkje alltid veret er så gale, og det er så deilig med ein slik tur før jul.

Legg ved nokre nydelege julebilete av julebyar.. :)



Her er eit nydeleg julebilete frå Berlin ♥


Barcelona ♥



Amsterdam ♥



Stockholm ♥


Lisboa ♥



Roma ♥ ♥ ♥




Praha ♥




London ♥





New York ♥





Paris ♥

Avsluttar med bilete frå København! Kanskje vi skal prøve den byen neste år, til juleshopping og førjulsnyting...:)

Nisse og gutt i København

Tivoli i København

Julegate i København
I år skal vi til USA i romjula, så blir nok ikkje noko juleshopping i førjulstida i år. Men USA i jula og nyttårsafta på cruise, kan jo ikkje vere så verst det heller..? :p