mandag 30. november 2009

Alvene mine frå England

må eg berre vise!! Eg har kjøpt ein alv kvar gong eg har vore i England (vi har tatt englandsbåten før jul nokre gonger), og eg synst dei er så fine:)





Beklager dårleg bildekvalitet, eg har ikkje det beste kameraet, og har heller ikkje råd til noko speilreflekskamera no før øyelikket. Begynner å få lyst på det eg og, sjølv om det er ikkje lenge sidan eg ikkje brydde seg så mykje om sånt..;) Jaja.... slik kan det gå når ein begynner å blogge, og skal ta bilete av ALT MULIG!! ;) Ønsker alle ein kjempekoseleg siste november-dag! I'm off to seinvakt:)

søndag 29. november 2009

Pepperkakebaking og 1.sundag i advent ♥

Koseleg med 1.sundag i advent gitt:)
Det første lyset er tent på staken, og det var og tid for å lage pepperkaker:)

Angelica er så flink atte:)





Formene våre;)

Sluttresultatet!! Mykje pepperkaker å fylle kakeboksane med!! For ein koseleg og julete dag det har vore:D

Litt jul frå gang og trapp ♥

Virker litt tidleg å pynte til jul, men det blir jo så koseleg! Og så skal vi jo vekk i romjula, og det er ein god unnskyldning til å pynte tidleg;)
Fine lysestakar frå Casa, fuglehus frå Kremmerhuset, og fin hjort frå Princess, som eg fekk til halv pris;) Om du kjem på besøk til meg, er dette noko av det første du ser;)

Julesokk:)

Lykt og god jul-stein frå Plantasjen i entreen


Måtte få inn litt grønt i trappa, for å skjule dei stygge kantane! Vi har jo ikkje satt opp lister ennå, sidan vi skal bygge vidare på den og få ein etasje til neste år. Men er fortvilande å sjå på... Men det hjalp med litt girlander langs veggen;)



Og så den fine nissen frå Europris:)
Ønskjer alle ein deilig 1.sundag i advent! Tenn lys og kos dere ♥

fredag 27. november 2009

Adventstaken og jul i stova ♥

Eg begynte med julepynting i går, og har vel fått det meste fram i lyset. Men ser mangler her og der, men det får eg ta litt og litt.. her er iallfall nokre bilete frå litt av vår julepynting:)

Her er den nydelege adventstaken frå Perfect Home, som eg kjøpte i fjor. Den er så fin med engler, men dei blei litt skjult på grunn av adventstala (frå Lobelia) og hjertene (frå Casa Interiør).


Kjøpte desse fantastisk fine serviettene i fjor, som eg har pyntet spisebordet litt med, og mange mange små raude hjerter.


Desse putene er frå Ikea, og eg har julegardiner i same. Dette herlege, mjuke pleddet kjøpte eg på Kid til berre 199,-. Akkurat no sitter jenta mi og ser på barnetv under akkurat dette teppet, i akkurat denne kroken, i akkurat denne sofaen;)



Hjortane fekk av søstra mi i fjor, kjøpt på Ting, dei er så tøffe! Du kan besøke systa mi HER! :)


Julesekk frå Hennes og Mauritz


og juletreteppe i same. Må berre strykast før treet kan kome oppå;) Likte dette settet veldig godt!!

Engler frå Casa Interiør, liggande engel frå Kid, Memories-bok frå Casa og diverse andre småting. Har heilt dilla på engler for tida ♥


Spisestua vår. Julegardinene, stoler og bord frå Ikea. Har lyst å pynte alle stolene med grøne kranser + raudt bånd til å henge dei i, men peng peng peng... Får vere slik ei stund til...;)

Litt frå stova vår altså... Meir pynting blir det nok, men først må eg bli frisk. Har "kost" meg på badet mesteparten av dagen, litt betre akkurat no, håper det går fort over.... God helg alle sammen, og kose dere mykje på sundag når vi kan sette lys i julestjernene og adventstakane!! (Tipper eg tjuvstarter i morgen kveld, tipper mange er med meg på den...?!:p)

onsdag 25. november 2009

Julekjolen(e) til Angie er i boks ♥

Då var juleantrekka til jenta mi klare! Lyserosa kjole (som ho og har fått i svart) frå Hennes og Mauritz




Denne er frå Kappahl, nydeleg med rose på brystet






Og denne fantastiske skjorta er frå Kappahl sin Vintage-kolleksjon,

som var utroleg fin saman med denne tightsen med glansfull effekt frå same sted. Ballerina-skoa h0 har på seg er og frå Kappahl (kjøpt i sommar).
Vi er klare for Christmas!! ♥

mandag 23. november 2009

JuleIKEA ♥

Jul på Ikea! Det liker vi! Eg og ei vennine tok oss ein dagstur til Åsane i Bergen i dag, og fekk handla litt til jul:) Her er noko av det eg kom heim med:

Kvite julegardiner til stova.
Og puter til sofaen i same type.

Endeleg har eg funne eit julesengetrekk til dobbelsenga vår som eg er ganske fornøgd med. Trur eg aldri kjem til å finne eit sengetrekk eg verkeleg faller pladask for (det har iallfall ikkje skjedd endå..), men dette var fint og ikkje for glorete..:)



Potpurri:)


Kremmerhus (det til venstre, med hjerter!)




Hjertepynt (det i midten)

Og kvite "dråper" :)

Så her var det mykje fint til juletreet og til juleheimen:) Er godt fornøgd med julehandelen på Ikea i dag ♥




lørdag 21. november 2009

Nymotens Romeo og Julie ♥

Oh my god!! Eg er nett komt heim frå kino! Verdspremieren av Twilights andre del, New Moon, kunne eg ikkje gå glipp av! Og steike, så vakre vampyrer og varulver skal ein no leite grådig lenge etter! Og eit slikt drama, om ein kan vere saman for alltid, eller ikkje... Tenk å forelske seg i ein vampyr! Og endå verre, at ein vampyr faller for eit menneske!! Håpar Bella i tredje del blir vampyr! Men det kan no verke slik no etter andre filmen. Kjærleiken lenge leve!!! ♥ Og vakre vampyrer og varulver!! ♥ Vår tids Romeo & Juliet ♥ I like!!! :)



















Ser fram til neste film!!


torsdag 19. november 2009

Gamaldagse bilete frå Salige Lavendel

Endeleg er eg tilbake frå vekesamling på skulen, og heime hos min lille familie! Tenkte eg nett ville gje ei blogganbefaling, og vise noko av det snille Salige Lavendel deler med oss.



















Bileta ho legg ut, deler ho gjerne med oss andre, og lar oss bruke dei som vi vil:) Utroleg fine bilete! Takk, søte snille Salige Lavendel!:)