
søndag 27. september 2009
Noas ark

lørdag 26. september 2009
Ellos.no!





Den finaste tallerkenhylla!!

søndag 20. september 2009
tirsdag 15. september 2009
Litt frå rommet til gullet:)
Året ho er født er mala inn på sida av vogga.
Og sjølvsagt ei prinsessekrone for prinsessa:)
Her er dei nydelege vimplane som eg bestilte av guttemamma, på hennar kjekke vimpelfabrikk! http://guttemamma-denlillevimpelfabrikken.blogspot.com/ Er så fornøgd med dei, og for ein service! Tusen takk, guttemamma!:D
Nydelege vimplane, den lekre gitaren frå Kremmerhuset, og eit hemmeleg skrin som eg bare måtte kjøpe til jenta mi då eg var i Ungarn i vår. Dei graverte inn namnet hennar og:)
Endå noko meir som tanta har laga. Eit fint bilete som har hedersplass på rommet:)
Denne puta er så søt. Ho fekk den av mormora, kjøpt på Kid. Og namnet Angelica betyr jo: "lik ein engel" :)
Rommet til Angelica har eg veldig lyst å gjere noko med. Vi har ikkje gjort noko med soveromma etter at vi flytta inn for litt over eit år sidan, men det blir vel med tida.. Har lyst å ha kvit huntonitt på veggane, og male alle skap og skuffer kvite, og heller freshe opp med lys rosa, eller beige. Men Angelica er no fornøgd uansett ho, og det er no det viktigaste:)
Litt oppdatering frå måndag og i dag: I går var eg innom jobb for å lære meg noko som eg ikkje kunne frå før, greit å kunne mest mogleg, då er det fleire moglegheitar for å få jobbe når det trengs:) Eg gjekk tur i sola, var heime og daffa, og seinare såg vi på onkelen til Angelica som spelte fotballkamp. Ingenting blei gjort denne dagen, verken husarbeid eller skulearbeid.. Litt dårleg samvittighet, men....
I dag har eg vore på jobb, og etterpå var eg og Angelica på butikk og kjøpte ny regndress til ho. Ho vekse så fort, og dressene blir for korte for ho. Men no har ho ein ny raud og prikkete regndress som ho kan bruke i barnehagen:) Kjøtdeig og makaroni til middag, papsen hennar var heime, så eg gjekk meg ein god tur med bikkja, og kosa meg i solarium litt, før eg no sit her og venter på at Grey's skal begynne! Oi, det er jo no! Ha ein fin kveld, alle saman:)
søndag 13. september 2009
Fått utfording:)
1. Eg har hatt (nesten) alle verdas fargar i håret mitt! Knallraudt, svartblått, blondt, brunt, svart, oransje osv. Eg gjekk på frisørlinja, men tok aldri lærlingtida, så det var ikkje noko frisør ut av meg desverre..
2. Har alt for mange ting eg har lyst å drive med! Blant anna er eg kjempeinteressert i sminke, og hår framleis, styling, mote osv, så eg har tatt NKI mote og styling, så er motekonsulent NKI. Ein dram er jo å kunne vere stylist! Men det får vere på hobbybasis trur eg.. ;)
3. Ein anna ting eg har lyst å bli, er personleg trenar! Då eg var yngre, dreiv eg med både fotball, volleyball, svømming og ski. Eg gjekk på idrettslinje på folkehøgskule for nokre år sidan, og det ga meirsmak! Sidan eg tar lærarutdanning no, skal eg ta idrett/kroppsøving i løpet av studiet, så det kan fylle litt av behovet mitt. Det hadde jo vore kjekt å vere både lærar OG personleg trenar/instruktør.
4. Eg bur i ei gul leilighet, med 2 etasjar, som snart blir 3 etasjar! Men her vil eg ikkje bu lenge, vi skal flytte på gard etterkvart, sidan sambuaren min er odelsgutt, og då ønsker eg meg hest:)
5. Eg elskar å danse, men har fått gjort for lite med det, og digger mest av alt hip hop!! Har og begynt å like moderne.
6. Alt som vi ikkje kan sjå, ta eller føle på er interessant for meg. Det overnaturlege og det mystiske er så spennande! Alt frå draumetyding til livet etter døden! Men gjenferd, det håper eg at eg aldri kjem til å sjå sjølv!
7. Eg er kjemperedd for edderkopper! Livredd!!
8. Somar, sol og fjelltoppar er noko av det herlegaste som finnast! Med rask pop på øyra;)
9. Før likte eg alt av brunt interiør, no vil eg ha alt kvitt!! Så det er veldig bra at mørkebrunt og kvitt går fint ilag! Elskar interiør, detaljar og dill dall!
10. Har jobba mange stader. Eg har vore stuepike på hotell, reinhaldar på psykiatrisk klinikk, assistent i skule/SFO, butikkmedarbeidar i klesbutikk, medarbeidar på Shell, butikksjef på Bianco Footwear, og er no sekretær på sjukehus, i tillegg til ekstrahjelp på Vero Moda/Jack & Jones. Savner skobutikken kjempemykje, men liker meg kjempegodt på jobbane eg har no!!
Puh, det var 1o ting om meg, og eg kunne sikkert komt på mykje meir:p Det var jo veldig mykje "eg har lyst til", men det får så vere! Elles kan eg jo nemne at eg har verdas beste datter!! ;)
Tusen takk for utfordring, Englefjes!! Eg trur nesten eg må sende den vidare til nokon andre, men "kjenner" ikkje så mange her endå, så eg sender den kun videre til søstra mi, Linda!! :D
Laurdag:)

Seinare fekk vi besøk av kusina mi, og dattera hennar, som og er 3 år, så jentene har det så kjekt ilag!
og vi "vaksne" måtte gjere litt matte, sidan vi begge tar matte i lærarstudiet:)
Seinare på kvelden reiste dei heim og sambuaren min kom heim. Angelica måtte i seng, og eg gjekk heller ikkje den kvelden glipp av So you think you can dance. Og neste veke er det finale!!!:D Elles kosa vi oss med bakt potet og American Chopper på Discovery Channel! Det er noko av det einaste eg likar å sjå som Roger (som min betre halvdel heiter) og likar å sjå på..:)
lørdag 12. september 2009
Gangen vår:)
Eg elskar bokstavar, og sjølvsagt må Angelica få ha bokstaven sin på døra si! Denne er kjøpt på Kremmerhuset, ein av mine favorittbutikker!
Her har eg samla alt vi skal ha rundt om i gangen, vi er ikkje ferdige å pusse opp, så det får berre stå slik så lenge.. Vi har listing igjen i både gangen og entreen, og ting tar tid... Spesielt no når jakta er begynt, og eg klarar ikkje å liste...! Kom deg heim, mann:p
Dei brune rammene og det brune nøkkelskapet er frå Perfect Home (bileta er mi herlege datter med englevinger på + eit bilete frå sjukehuset av den lille familien då ho vart født), skopusseboksen er og frå Perfect Home, kommoden er frå Skeidar, kosten frå Biltema, posen med tøfler frå Jysk, og skiltet "Velkommen" er frå Kremmerhuset:)
Her har eg foreløpig hengt opp tavla og dill frå Lobelia, og diverse andre ting, som skal pryde gangen den gang den blir heilt ferdig.. :p
Kommoden er kjøpt på Skeidar (skal eigentleg vere svarte tøyskuffer i hyllene, men dei har eg tatt vekk, har lyst å ha kvite kurver der etter kvart, men er jo enklast å ha det slik når skoa er der), knaggen er frå Kremmerhuset og elles er det meste frå Lobelia.com
Blir kjekt når gangen og entreen er finito!
Fredag
Handla inn mykje mat til helga, og taco til kvelden, henta Angelica igjen i barnehagen, kosa oss heime før vi fekk besøk av mormora og tanta til Angie. Vi kosa oss med taco og sjokoladekake. Så var det So you think you can dance! Eg kan ikkje gå glipp av det!:)
Men eg blei så slapp og sliten rett etter programmet, så la meg kl.22.. Synest det var litt tidleg på ein fredagskveld, men det får så være... Vondt i halsen... Vil ikkje bli sjuk...
torsdag 10. september 2009
Torsdag
Night night, sleep tight, don't let the bed bugs bite:p
Har lyst på:

Og denne er kjempefin!! Frå Ikea. Hadde lyst å kjøpe den, enten i brun eller kvit, til jenta vår, men det blir til at vi heller maler ei gamal seng til ho. Og den blir fin. Gamaldags seng som skal malast kvit, med pastellrosa i utskjæringane. Skal prøve å huske å leggje ut før og etter bilete av den når den tid kjem:)
Desse hadde vore fine til badet eller vaskerommet.
onsdag 9. september 2009
Måndag, tysdag og onsdag
Måndag: Gjorde ingenting på dagtid, daffing deluxe, før seinvakt på Sentralen.
Tysdag: Min andre opplæringsdag i Registreringa på sjukehuset, elles roleg dag heime med litt pedagogikk-skriving og tv.
Onsdag: Dagvakt på Sentralen, så raspeballar og kake i "dalen" (svigers), der far til sambuaren min hadde bursdag. Heim att, kvelds og i seng med jenta mi, Luksusfellen på tv, min betre halvdel reiste ivrig på sin første jakt for sesongen, og eg skal no til å skrive litt pedagogikk før senga kallar.
mandag 7. september 2009
Fint sitat:)
You're BRAVER than you believe,
STRONGER than you seem,
and SMARTER than you think.
Thanks, siss:D
søndag 6. september 2009
Laurdag og sundag
Daffedag heime med lillejenta mi som eg har vert borte frå heile veka.. Så deilig! Og vi sov middag i 3 timar! Etterpå var vi på bowling med søstra mi og minsten hennar, kusina vår og lillejenta hennar. Sambuaren min er medeigar i bowlingen her, og då får vi utnytte oss av gratis bowling:D Så då var vi 3 mødre, 3 treåringer som spelte bowling på bane 3, hihi!!
Sundag:
Angie hadde besøk, eg laga graut til jentene, og bollar, og innimellom mykje barneleik prøvde eg å gjere litt pedagogikk-oppgåve..;p Elles var vi på besøk hos søskenbarnet mitt, og vi gjorde litt matte, sidan vi begge tar det. Hjortebiff og premiere på Blanke Ark med min kjære til kvelden.
fredag 4. september 2009
Torsdag og fredag
Om ein time er det klart for So U think U can dance! Gledar meg! My favourite TV-show!! Så blir ein roleg kveld her heime etter ei veke på skule vekke. Så godt det var å kome heim!!
I går:
- Matte og ped på skulen.
- Middag på restaurant med nokre i klassen. Eg åt lettsalta torskefilet og drakk ei øl, kjempegodt!
- Pakking og soving:)
onsdag 2. september 2009
Dagen i dag
Jaja, så var onsdagen over...
tirsdag 1. september 2009
I dag og i går
- Leverte i barnehagen, pakka ferdig til skuleveke, reiste til skulen, og matte i 4 timar.
- Sjekka inn på eit hotell for å prøve noko nytt, men det var ikkje bra! Knøttlite rom, ingen stader å lese og skrive på, styyyyygt og gamalt og liiiite treningsrom og så vidare.
- Sjekka inn på det gamle hotellet vi har pleidd å vere på, heldigvis hadde dei eit ledig dobbeltrom! Flaks!
- Tok litt sol, og såg sesongpremiere på Greys Anatomy.
I dag:
- Opp av senga kl.07.15, skule kl. 08.15. Matte 4 timar, pedagogikk 4 timar.
- Kjøpte hårfarge, kylling til middag og tok sol:)
- Farga håret og såg endå ein episode av Greys Anatomy!
- Natta:D