Eg begynte med julepynting i går, og har vel fått det meste fram i lyset. Men ser mangler her og der, men det får eg ta litt og litt.. her er iallfall nokre bilete frå litt av vår julepynting:)

Her er den nydelege adventstaken frå
Perfect Home, som eg kjøpte i fjor. Den er så fin med engler, men dei blei litt skjult på grunn av adventstala (frå
Lobelia) og hjertene (frå
Casa Interiør).

Kjøpte desse fantastisk fine serviettene i fjor, som eg har pyntet spisebordet litt med, og mange mange små raude hjerter.

Desse putene er frå
Ikea, og eg har julegardiner i same. Dette herlege, mjuke pleddet kjøpte eg på
Kid til berre 199,-. Akkurat no sitter jenta mi og ser på barnetv under akkurat dette teppet, i akkurat denne kroken, i akkurat denne sofaen;)

Hjortane fekk av søstra mi i fjor, kjøpt på
Ting, dei er så tøffe! Du kan besøke systa mi
HER! :)

og juletreteppe i same. Må berre strykast før treet kan kome oppå;) Likte dette settet veldig godt!!

Engler frå Casa Interiør, liggande engel frå Kid, Memories-bok frå Casa og diverse andre småting. Har heilt dilla på engler for tida ♥

Spisestua vår. Julegardinene, stoler og bord frå Ikea. Har lyst å pynte alle stolene med grøne kranser + raudt bånd til å henge dei i, men peng peng peng... Får vere slik ei stund til...;)

Litt frå stova vår altså... Meir pynting blir det nok, men først må eg bli frisk. Har "kost" meg på badet mesteparten av dagen, litt betre akkurat no, håper det går fort over.... God helg alle sammen, og kose dere mykje på sundag når vi kan sette lys i julestjernene og adventstakane!! (Tipper eg tjuvstarter i morgen kveld, tipper mange er med meg på den...?!:p)