søndag 13. september 2009

Laurdag:)

Laurdag er ein fin dag:) Spesielt når ein har fri! Eg og Angelica vakna eigentleg aaaaltfor tidleg, men var lys våkne, så stå opp, det gjorde vi:) Kl.05.45!

Vi kosa oss med god frukost under teppet i sofaen,



og barne-tv:)

Seinare fekk vi besøk av kusina mi, og dattera hennar, som og er 3 år, så jentene har det så kjekt ilag!

Vi laga graut,


og vi "vaksne" måtte gjere litt matte, sidan vi begge tar matte i lærarstudiet:)


Seinare på kvelden reiste dei heim og sambuaren min kom heim. Angelica måtte i seng, og eg gjekk heller ikkje den kvelden glipp av So you think you can dance. Og neste veke er det finale!!!:D Elles kosa vi oss med bakt potet og American Chopper på Discovery Channel! Det er noko av det einaste eg likar å sjå som Roger (som min betre halvdel heiter) og likar å sjå på..:)

lørdag 12. september 2009

Gangen vår:)




Eg elskar bokstavar, og sjølvsagt må Angelica få ha bokstaven sin på døra si! Denne er kjøpt på Kremmerhuset, ein av mine favorittbutikker!






Her har eg samla alt vi skal ha rundt om i gangen, vi er ikkje ferdige å pusse opp, så det får berre stå slik så lenge.. Vi har listing igjen i både gangen og entreen, og ting tar tid... Spesielt no når jakta er begynt, og eg klarar ikkje å liste...! Kom deg heim, mann:p

Dei brune rammene og det brune nøkkelskapet er frå Perfect Home (bileta er mi herlege datter med englevinger på + eit bilete frå sjukehuset av den lille familien då ho vart født), skopusseboksen er og frå Perfect Home, kommoden er frå Skeidar, kosten frå Biltema, posen med tøfler frå Jysk, og skiltet "Velkommen" er frå Kremmerhuset:)






Her har eg foreløpig hengt opp tavla og dill frå Lobelia, og diverse andre ting, som skal pryde gangen den gang den blir heilt ferdig.. :p

Kommoden er kjøpt på Skeidar (skal eigentleg vere svarte tøyskuffer i hyllene, men dei har eg tatt vekk, har lyst å ha kvite kurver der etter kvart, men er jo enklast å ha det slik når skoa er der), knaggen er frå Kremmerhuset og elles er det meste frå Lobelia.com

Blir kjekt når gangen og entreen er finito!

Fredag

Fri!! Køyrde Angelica i barnehagen, reiste heim og rydda, støvsuga, vaska klede og liknande. Var på politistasjonen for å få nytt pass, men eg trengde visst ikkje det, det var visst maskinlesbart, sjølv om det ikkje er ein slik firkant på framsida. Men sambuaren min fekk seg eit nytt, så vi er snart klare for USA:) Dattera vår har allereie maskinlesbart pass, sidan ho fekk sitt første pass i fjor, då vi var i Roma:)

Handla inn mykje mat til helga, og taco til kvelden, henta Angelica igjen i barnehagen, kosa oss heime før vi fekk besøk av mormora og tanta til Angie. Vi kosa oss med taco og sjokoladekake. Så var det So you think you can dance! Eg kan ikkje gå glipp av det!:)

Men eg blei så slapp og sliten rett etter programmet, så la meg kl.22.. Synest det var litt tidleg på ein fredagskveld, men det får så være... Vondt i halsen... Vil ikkje bli sjuk...

torsdag 10. september 2009

Torsdag

I dag har eg gjort meg ferdig med ei pedagogikk-oppgåve, det er så deilig å sende inn alt ein er ferdig med:) Og så fekk eg Casa Interiør - startkolleksjonen som eg har venta på eit par veker, og det var kjempekjekt å pakke opp alt det fine som kom! Nesten julafta for meg i dag;) Nett komt heim fra lang seinvakt, og no har eg fri i 3 dagar, og skal bruke all mi tid på gulljenta mi og litt historie-lesing!

Night night, sleep tight, don't let the bed bugs bite:p

Har lyst på:

Denne er jo kjempestilig!!




Her hadde eg sove godt!


Og denne er kjempefin!! Frå Ikea. Hadde lyst å kjøpe den, enten i brun eller kvit, til jenta vår, men det blir til at vi heller maler ei gamal seng til ho. Og den blir fin. Gamaldags seng som skal malast kvit, med pastellrosa i utskjæringane. Skal prøve å huske å leggje ut før og etter bilete av den når den tid kjem:)


Desse hadde vore fine til badet eller vaskerommet.




Og denne hadde vore så fiiin å ha utanfor!!:)

onsdag 9. september 2009

Måndag, tysdag og onsdag

Eg gløymer jo heilt å leggje inn dag for dag her, når eg styrer med så mykje! Jobb og lesing tar på. Men må skrive det eg hugser frå dagane som har gått, så eg har det på stell:p

Måndag: Gjorde ingenting på dagtid, daffing deluxe, før seinvakt på Sentralen.

Tysdag: Min andre opplæringsdag i Registreringa på sjukehuset, elles roleg dag heime med litt pedagogikk-skriving og tv.

Onsdag: Dagvakt på Sentralen, så raspeballar og kake i "dalen" (svigers), der far til sambuaren min hadde bursdag. Heim att, kvelds og i seng med jenta mi, Luksusfellen på tv, min betre halvdel reiste ivrig på sin første jakt for sesongen, og eg skal no til å skrive litt pedagogikk før senga kallar.

mandag 7. september 2009

Fint sitat:)

Fikk eit sitat av søstra mi i dag!

You're BRAVER than you believe,
STRONGER than you seem,
and SMARTER than you think.

Thanks, siss:D

søndag 6. september 2009

Laurdag og sundag

Laurdag:
Daffedag heime med lillejenta mi som eg har vert borte frå heile veka.. Så deilig! Og vi sov middag i 3 timar! Etterpå var vi på bowling med søstra mi og minsten hennar, kusina vår og lillejenta hennar. Sambuaren min er medeigar i bowlingen her, og då får vi utnytte oss av gratis bowling:D Så då var vi 3 mødre, 3 treåringer som spelte bowling på bane 3, hihi!!

Sundag:
Angie hadde besøk, eg laga graut til jentene, og bollar, og innimellom mykje barneleik prøvde eg å gjere litt pedagogikk-oppgåve..;p Elles var vi på besøk hos søskenbarnet mitt, og vi gjorde litt matte, sidan vi begge tar det. Hjortebiff og premiere på Blanke Ark med min kjære til kvelden.

fredag 4. september 2009

Torsdag og fredag

I dag hatt matte og litt ped på skulen, før vi vendte nasene heimover! Så deilig å kome heim!! Eg lagde "heimelaga" raspeballmiddag til min lille familie, støvsugde og rydda før dei kom heim frå jobb og barnehage. No har vi besøk av Angie's beste vennine, og dei leikar så fint saman:)

Om ein time er det klart for So U think U can dance! Gledar meg! My favourite TV-show!! Så blir ein roleg kveld her heime etter ei veke på skule vekke. Så godt det var å kome heim!!

I går:
- Matte og ped på skulen.
- Middag på restaurant med nokre i klassen. Eg åt lettsalta torskefilet og drakk ei øl, kjempegodt!
- Pakking og soving:)

onsdag 2. september 2009

Dagen i dag

I dag har det gått i eitt med pedagogikk og matte matte matte:) 4 timer ped, og så 4 timar matte, før karbonade til middag, fleire timar matterekning på rommet, ein deilig joggetur, og så sove no. Eg skjønar sååå lite av den matten! Men håpar det skal gå seg til.. Har no mange som er flinke å hjelpe meg:)

Jaja, så var onsdagen over...

tirsdag 1. september 2009

I dag og i går

I går:
- Leverte i barnehagen, pakka ferdig til skuleveke, reiste til skulen, og matte i 4 timar.
- Sjekka inn på eit hotell for å prøve noko nytt, men det var ikkje bra! Knøttlite rom, ingen stader å lese og skrive på, styyyyygt og gamalt og liiiite treningsrom og så vidare.
- Sjekka inn på det gamle hotellet vi har pleidd å vere på, heldigvis hadde dei eit ledig dobbeltrom! Flaks!
- Tok litt sol, og såg sesongpremiere på Greys Anatomy.

I dag:
- Opp av senga kl.07.15, skule kl. 08.15. Matte 4 timar, pedagogikk 4 timar.
- Kjøpte hårfarge, kylling til middag og tok sol:)
- Farga håret og såg endå ein episode av Greys Anatomy!
- Natta:D

søndag 30. august 2009

Kjøkken, soverom, stue



Herlege klede frå roselille.dk


Dagen i dag

- Søndagsfrukost: pannekaker til meg og Angie:)

- Reprise på So U think U can dance.

- Familiemiddag hos mor, saman med søstra mi og hennar familie.
- Pakke til skulestart og 1 veke hotellopphold i morgon.

lørdag 29. august 2009

Minner frå kvar dag

Snakka med ein eldre kollega i går om det å ta vare på dagane som går, og hugse kva ein gjer frå dag til dag. Ho kollegaen min bruker bøker og almanakker og skriv alt ned i dei. Litt for kvar dag som går; om ho gjekk tur, evt. kvar, været, kven ho ringte til (!?), og så vidare. Dette har eg bestemt meg for å gjere og, synst det var ein kjempegod ide. Er jo ofte eg lurer på kva eg gjorde ein viss dag, eller kvar eg var og liknande. Så eg startar no eg, så får eg prøve å skrive litt kvar dag:) Men eg velger å bruke bloggen min, i staden for bøker og papir som eg aldri veit kvar er..;p

I går fredag:

- På jobb, opplæring på Registreringa på sjukehuset. Så no har eg egentleg to jobbar på SSF, på Sentralen og Registreringa:)

- Henta Angie i barnehagen, rett opp til ho mor og klippa og farga håret hennar, og fiskebollar (min favorittrett hos mor) til middag.

- Innom Skeidar og nett kjøpe fin kvit Lista veggskap som passer til Lista -kommoden som eg har:)



- Vel heime, leggetid for gulljenta og So U think U can dance, mitt favorittprogram!
- Litt matte-lesing før leggetid for meg sjølv, men forstår så lite, så blei fort soving i stedet ja..


I dag:
- Oppdatert meg litt på ulike blogger.

- Sett på morgontv (barnetv) og spist frokost med jenta mi.

- 80-årsdag på Rica Hotell for mormora til sambuaren min.

Inspirasjon til barnerommet, nydelege!





Bilete funne på nettbutikken http://www.miasinterior.no/

Inspirasjon til bad



Funne på nettbutikken: http://www.miasinterior.no/

mandag 24. august 2009

Ting å hugse på.

Fant dette på Lindas hjørne (http://lindas-sted.blogspot.com), og synst det var så smart, at eg må prøve å ha noko liknande her. No er jenta mi 3 år, og eg tenkte å skrive inn litt angåande ho, så eg ikkje gløymer det:) Har fylt inn noko.

Favoritter/Liker:

Mat/Pålegg/Drikke: Brødskive med kaviar, pizza, pasta carbonara, mjølk, saft.
Klesplagg: Fine kjoler.
På Tv/Film: Barnetv, Drømmehagen (men det byrjar å skli ut), American Funniest Home Videos.
Leik, inne: Leike med dukkene og vognene, leike med kattungen Max.
Leik, ute: Disse og skli på leikeplassen, jobbe i hagen, sykle på trehjulsykkelen.
Beste leiker, kosedyr og koseting: Lilla CareBear-bamse, dukkene.
Bok/blad: Sangboka som vi syng frå om kveldane, prinsesse-bøker.
Farger: Raud, blå, rosa.
Gjer i barnehagen: Perling, måling og teikning, disse ute.
Andre favoritter:
Noko innen desse kategoriene dei har klare meininger om at dei ikkje liker?

Rutiner og vaner i ulike situasjoner:
Korleis er ho når det gjeld:
Stå opp, morgenrutiner:
Påkledning:
Måltid, frukt:
Bhg:
Språk/snakking:
Kveldsstellet, korleis er det på natta, kjæledyr i senga:
Leggerutiner:
Soving:
Hjelper til med/rydding:
Vennskap:
Gå tur:
Liker av aktiviteter, og evt er med på (evt hobbyer):
Flink til:
Må øve seg på:

fredag 21. august 2009

Stua mi:)





søndag 2. august 2009

Max!

Vi har fått pus i heimen! Kjempekosete og leiken og snill som berre det! Desverre fekk han katteinfluensa etter berre 4-5 dagar hos oss, men etter eit besøk og to sprøyter hos veterinæren, og tablett kvar morgon og kveld, er han på bedringens veg! Søte Max:)