søndag 7. februar 2010

Inspirasjon til barnerom og litt babystuff ♥

Kven er vel ikkje litt babysjuke heile tida, og lengter etter å holde ein bebis i armene sine, kjenne babylukta, og stryke på dei søte små fingrane?! Og så er det så kjekt å sjå på inspirasjon til barnerom, enten ein har barn, skal ha eller vil ha:)


Nydelig ♥


Her bur det nok ein prins ja:)


Eg simpelten elsker dei beige og kvite tonene! Og det som er så utroleg bra med å dekorere slik, er jo at det rett og slett er unisex! Passer perfekt til både jentebebis og guttebebis;)


Øverst på mi ønskeliste når eg skal ha baby iallfall!! ♥


Dårleg bilete.. men kul kiste til barneleikar!:)


Endå eit elendig bilete, men dog eit kjempeskjønt sengetrekk! Frå http://www.kidsparadise.no/

Fine forslag til barnerommet!

Leander vugge frå http://www.babyshop.no/


Tripp trapp baby sett frå http://www.babyshop.no/ (Eg SKAL få malt den gamle trefarga tripp trapp stolen til en sannsynligvis nestemann!! Tar seg så mykje betre ut!)


Nydelig nett frå http://www.babyshop.no/


Brio stellebord til vegg frå http://www.babyshop.no/. Sneddent og plassbesparande:D

Herlege smukker frå http://www.babyshop.no/

Her er og ein god link til ein utstyrsguide som kan vere kjekk kunnskap, http://www.klikk.no/foreldre/baby/article353017.ece, om det tilfeldigvis er nokon som snart skal ha bebis!:)
God natt:)

mandag 25. januar 2010

Nydelege kvite møbler frå Em.com

Hadde eg hatt råd skulle eg bytta ut alle møblene mine etter at eg fekk dilla på den kvite, romantiske, shabby og landlege stilen (en god miks)! Men må ta det saaaakte, men sikkert, litt og litt.... Men lov å kikke er det iallfall:)





































onsdag 20. januar 2010

Jul- og nyttårsfeiring i Karibien og USA ♥

Godt nytt år alle saman! Håpar alle hadde ei kjempedeilig jul og eit finfint nytt år! Eg er litt seint ute kanskje, men det har no sine grunnar;) Det er og over 1 månad sidan eg har tatt meg tid til å skrive noko her! Det er for gale altså;)

Eg er på skulen denne veka, og her er det dårleg nettverk på hotellet, så blir lite blogging her og. Ellers kom vi jo heim fra vår fantastiske tur til Statene forrige veke! Og då må eg dele litt av våre opplevelser med dere! Når eg kjem heim etter skuleveka, skal eg konsentrere meg om matte-studier, og litt blogging, så då lover eg å kome innom alle dere som eg ikkje har sett noko til i jula og på nyåret! Men her kjem eit lite knippe frå turen:
Vi begynte altså ferien med ei veke i Orlando, Florida. Den veke hadde vi eigen villa, med 6 soverom, 4 bad, svømmebasseng, spillerom osv. Det kan verkeleg anbefalast:) Den veka vi var der var vi i Disneyworld! Men rakk ikkje alle parkane, så bestemte oss for Magic Kingdom og Epcot i Disney, og Seaworld.

Det første eg gjorde da vi kom til Seaworld, var å gå rett til delfinene! Tenk! Så nærme har eg vore ein delfin! Endeleg!:) Eg fekk mate og klappe den, det var verkeleg heilt fantastisk! Noko eg har drøymt om leeenge! Kosen med delfinen er ialfall noko eg kan leve lenge på, og eit minne for livet!


I Magic Kingdom var det så mykje fint å sjå, og 2 ting gjorde verkeleg inntrykk på oss. Eine tingen var Mickey Mouse Christmas Parade, med alle Disney-figurer du kan tenke deg!! Alle prinsessene, Ole Brumm og vennane, Snipp og Snapp, Donald Duck og mange i Andeby og så vidare! Det var juledekorasjoner overalt, nydelege vogner, dansere, maskoter osv! Her ser dere Snehvit:)

Etter eit besøk i Disneyworld kan ein vel ikkje unnvære ein prinsessekjole?! Angelica fekk velge mellom rosa Askepott-kjole og gul Belle-kjole, og valget falt på Askepott:) Så fin ho blei;)



Vi tok og ei veke på cruise i Karibien (sidan vi liksågodt var i Florida liksom...:p). Her har Angelica pynta seg litt til middagen på vår flotte restaurant på båten, og med Minne Mus-øyrer, kjøpt i Downtown Disney;)


Her er villaen vi budde i:) Og leigebilane våre:)

Miami Beach:)

Cinderella's Castle var den andre tingen som var spesielt fantastisk i Magic Kingdom!! Nydelig!!♥

Liberty of the seas! Cruiset vårt!! Og her stoppa vi på Labadee, Haiti! 30 grader, steikande sol, krittkvite strender og lyseblått hav:)
Cozumel, Mexico! Kjempefint å køyre langs kysten, og oppleve landskapet:)

Fantastisk tur, fantastiske minner, no venter nyeåret med studier, jobb og kvardagslege familieting....:)

torsdag 10. desember 2009

Ein dørkrans er dekorativt og får meg (nesten) til å gløyme korleis inngangspartiet vårt eigentleg ser ut...

for her er det ikkje mykje å juble over! Men eg må ta det som er (iallfall foreløpig), og gjere det beste ut av det, ikkje sant?!:) Lurer på kva dei i borettslaget hadde sagt om eg hadde mala døra mi kvit, når alle har same brune, gamle, fæle døra...? Men må vel høyre med dei før eg gjer noko drastisk, men sannsynlegvis blir det vel eit nei... Men no til jul har eg iallfall fått pynta litt med dørkrans og greier og greier.. og det hjelper jo på. Stor grøn dørkrans frå Plantasjen, med eit kvitt god jul-skilt inni, og ei lita englevinge på:) Ellers såg eg i ein blogg (beklager, hugser ikkje kven sin..! Sei gjerne ifrå!) at ho pynta opp kanna si med busker. Og eg som hadde pakka den vekk til jul, fant den raskt fram igjen, og synst at det var riktig så flott;) Takk for tips!;)



Kvite lanterner har vi hengt opp på kvar si side av døra, noko som og hjalp veldig på utsjånaden til inngangspartiet. Ein kvit stol hjelper og stort på.

Den fine god jul-matta mi likar eg å ta fram kvar jul, og krukka med grøne planter står fint heile året. Kunne tenkt meg å lage platning her, iallfall eit trappetrinn i treplater, men det er no ikkje det viktigaste.....
Fekk nøkkelskapet mitt frå Casa Interiør forrige dagen, kjempefint og kvitt!:) Ved siden av henger det fine knagg-skiltet, der det står "Family - just because two people fell in love" Nååååå.....:)

Ser dere den søte lille steinen ved siden av lanterna? Kjempesøt med raud skrift GOD JUL, frå Plantasjen.
Her kjem det nokre få andre fine inngangsparti, kanskje eg ein dag får eit så fint eit eg og...:) Vart små bilete, men ser no heilheten:) Både gamaldags og moderne.



Ønsker alle ein fortreffeleg herleg dag, sjølv har eg 2 timer igjen av lesing og rekning til eksamen, før eg skal på seinvakt på sjukehuset. Vi nærmer oss forresten jul no! Berre 2 veker igjen....♥

tirsdag 8. desember 2009

Nisse, servietter, og pakke i posten!

Har kjøpt meg endå ein nisse. Syns dei er så fine!! Tenk om det hadde finnast slike englar?! Då veit eg ei som hadde løpt til butikken!! Men syns nissane mine er særs fine, ein på kvar side av trappa:) Har vist den andre før i eit innlegg.


Fikk serviettene mine frå Casa Interiør i går. Kjempefine!!! Ikkje sant?!:)


Og veit dere kva?! I går kom det ein pakke i posten!! Og eg tenkte, "hmm....eg kan ikkje hugse å ha bestilt noko no...??" Og då eg opna pakken, var det eit fortryllande nydeleg hjerte som hadde komt min veg! Og kven ifrå?! Joooo..... Anette frå Anettes hus!! Veit du kva, Anette!? Du er verkeleg eit lyspunkt og ein solstråle i ein strevsom og travel eksamenstid!!


Eg vart så glad, og det passer meg perfekt!! Kvite hjerter, I love it!! Dette hjertet skal få hedersplass i stova! Dette rørte meg så grådig, måtte du få ei herleg og finfin jul, Anette, ei jul som du verkeleg fortjener....!! ♥


Anbefaler alle å anlegge Anette med bloggen http://www.anetteshus.com eit besøk!!


søndag 6. desember 2009

Kvit lysestake

som eg er så førnøgd med! Nydeleg!! Måtte berre vise den:)

Og ein av mine to adventstakar:)


Det var eit kort innlegg frå meg, no er det natt i heimen, og eg er klar(?) for ei veke med matematikk og lesing til eksamen.. blærk....!! Gleder meg til juuuuul ♥

Natta:)

lørdag 5. desember 2009

Før/etter-julekalender og diverse juleting ♥

Fine nissejenta mi med vårt vakre kvite plastikk-juletre;) Men vi liker det vi, og koste oss med å pynte det med kvit og raud julepynt. Snart skal vi ta inn eit ekte juletre, så vi får nyte det litt før vi reiser til utlandet i romjula. Gleder meg til både juletre og juletur:) Sjekk dei søte nissetøflane forresten, 49,50 på SparKjøp. Angie digger dei!;)



Må berre vise ein nydeleg engel som ho "svigermor" har laga, som vi fekk til jul for eit par år sida. Er veldig glad i den, og synst den er kjempefin, kanskje eg skulle ønska meg fleire...:)



Kjempefine juleboka som eg fekk i fjor, som eg skriv i for første gang i år. Til dei som ikkje har noko heimelaga juleminnebok, vil eg anbefale denne. Den er så fin, og eg gleder meg til å skrive juleminner, juleforbredelser og mykje meir kvart år, som blir kjempekos å lese i når vi er gamle og grå;) Koster 199,- på bokhandel.



ANGIE'S JULEKALENDER FØR:


ANGIE'S JULEKALENDER ETTER:

Har ikkje gjort anna enn å lakke den kvit, men blei no fornøgd:) Berre dumt veggen bak er så stygg.. Men den skal vekk, og skal byttast med huntonitt-plater etterkvart! Hmm.... synst kalenderen ser så tom ut... Men alle pakkane som skal vere der, er no der så... jaja.... Kanskje eg må vere litt meir kreativ neste år, pynte meir på pakkane...? Vi får sjå, dei skal no berre pakkast opp av ei nysgjerrig jente, som blir glad, uansett!:)
Ønsker alle ei kjempedeilig helg, kos dere med juleforbredelser eller kva dere no gjer. Eg og gullet skal overnatte hos kusina/bestevennina mi, som og har ei jente på 3 år, så når tacoen er fortært og jentene er lagt til natta, skal vi rekne matte... Jaja... er no kjekkare å gjere det ilag iallfall.. Men no... off to work on klesbutikken!! :)



torsdag 3. desember 2009

Drømmehus!! Og eksamen......

Eg sit no altså og les til eksamen i pedagogikk som er i morgon, hmm... tja.... vel altså... eg dett jo litt ut innimellom, og må jo ha litt pauser også då... Så her kjem eit forrykande raskt innlegg om drømmehuset mitt!! Kva for eit var finast? Med eller utan søyler?! Og med eller utan den halvsirkelen til vindu?




Ønsker alle ein fortreffeleg aften, og lykke til, til meg sjølv i morgon :p

tirsdag 1. desember 2009

1.desember ♥

og Angelica får åpne den aller første kalenderpakken 2009 ♥

"Mon tru kva som er inni her?!"


"Næmmen, er det ikkje...."


"Prinsesse Bell!!" :D