mandag 23. november 2009

JuleIKEA ♥

Jul på Ikea! Det liker vi! Eg og ei vennine tok oss ein dagstur til Åsane i Bergen i dag, og fekk handla litt til jul:) Her er noko av det eg kom heim med:

Kvite julegardiner til stova.
Og puter til sofaen i same type.

Endeleg har eg funne eit julesengetrekk til dobbelsenga vår som eg er ganske fornøgd med. Trur eg aldri kjem til å finne eit sengetrekk eg verkeleg faller pladask for (det har iallfall ikkje skjedd endå..), men dette var fint og ikkje for glorete..:)



Potpurri:)


Kremmerhus (det til venstre, med hjerter!)




Hjertepynt (det i midten)

Og kvite "dråper" :)

Så her var det mykje fint til juletreet og til juleheimen:) Er godt fornøgd med julehandelen på Ikea i dag ♥




lørdag 21. november 2009

Nymotens Romeo og Julie ♥

Oh my god!! Eg er nett komt heim frå kino! Verdspremieren av Twilights andre del, New Moon, kunne eg ikkje gå glipp av! Og steike, så vakre vampyrer og varulver skal ein no leite grådig lenge etter! Og eit slikt drama, om ein kan vere saman for alltid, eller ikkje... Tenk å forelske seg i ein vampyr! Og endå verre, at ein vampyr faller for eit menneske!! Håpar Bella i tredje del blir vampyr! Men det kan no verke slik no etter andre filmen. Kjærleiken lenge leve!!! ♥ Og vakre vampyrer og varulver!! ♥ Vår tids Romeo & Juliet ♥ I like!!! :)



















Ser fram til neste film!!


torsdag 19. november 2009

Gamaldagse bilete frå Salige Lavendel

Endeleg er eg tilbake frå vekesamling på skulen, og heime hos min lille familie! Tenkte eg nett ville gje ei blogganbefaling, og vise noko av det snille Salige Lavendel deler med oss.



















Bileta ho legg ut, deler ho gjerne med oss andre, og lar oss bruke dei som vi vil:) Utroleg fine bilete! Takk, søte snille Salige Lavendel!:)

torsdag 12. november 2009

Love Christmas ♥

og alt som har med den å gjere...:)

No har eg nett sendt inn bestilling til kjære Lobelia på hennar nettbutikk, så no er det berre litt kvit juletrepynt så mangler, så har eg vel det eg treng til denne jula;) Denne gongen bestilte eg kun nokre få ting der, på grunn av dårleg råd på grunn av studier og sidan vi må spare til turen vi skal på i romjula. Men då eg såg at denne julekalenderen endeleg var kome inn igjen, måtte eg trå til! Den har eg venta på, og eg gleder meg sånn til å overraske gulljenta mi med denne!! Julekalendergåvene er klare (utenom nr.24..), så når den kjem i posten, skal eg berre spraylakke den kvit, så er den klar til å glede jenta mi kvar dag i desember fram til julafta:)


Denne juleduken har eg hatt så lyst på lenge, og vurdert fram og tilbake, og no tenkte eg at sidan vi har få juleduker kunne eg unne meg denne. Ååå, så fin den er!

Kjøpte og eit lite GOD JUL-skilt, og fine tal til adventstaken:)
Meir kunne eg nesten ikkje handle, sjølv om eg kunne handla meg forderva på desse nettbutikkane!;) Ha ein deilig dag alle saman!! Eg har fri, og må no setje meg ned og lese pedagogikk... Ville mykje heller tatt fram og sortert julepynten vi har liggande på kottet:p

tirsdag 10. november 2009

Fine julegardiner er komt min veg ♥

Bestilte meg desse julegardinene frå Ellos for å sjå om dei kunne passe inn på kjøkkenet hos oss. Og det gjorde dei såvisst!! Biletet er frå Ellos, ikkje frå vår heim, men det kjem nok i desember når dei er hengt opp! Synast dei var så skjønne! Med puter og løper i same:) Gleder meg til juuuul!!



lørdag 7. november 2009

Faste/detox/diett

Eg har så lyst å prøve ein slags diett/detox/faste for å rense kroppen. Eg fasta ei veke tidleg i sommar, men det blei liksom ikkje noko meir enn det.. Er det nokon som har prøvd dette, og kva har du då prøvd?? Tar imot tips, forslag og idear med stor takk! :)

Ønsker alle ein kjempedeilig laurdagskveld!

onsdag 4. november 2009

Nydelege skap og kommoder frå Living

Eg har nettopp kosa meg med å sjå på alt det fine dei har på Living, og eg vil sjølvsagt dele det med dere andre, med eller utan blogg!

Takk for alle koselege kommentarar dere legg igjen her hos meg, både nye eg ikkje kjenner frå før og "gamle" venner. Nokre blogger besøker eg no nesten dagleg, medan andre har eg nettopp oppdaga ved hjelp av andre sine blogger, og det er stadig like artig å farte rundt i blogglandia:) Og alltid noko nytt å sjå:)

Takk til alle bloggarar som deler sine bilete, sine tankar og sin inspirasjon, det er så mykje fint, koseleg og spennande å lese og å sjå på!



Nydeleg kjøpmannsdisk ♥




Finfin kommode med hønsegitter ♥





















Vidunerleg spisestove ♥ Drømme, drømme... (men ein vakker dag skal vi bygge hus, då får eg jo moglegheita til å bestemme litt korleis eg vil ha det, og DET er noko å sjå fram til det!)



Ønsker alle finingane i blogglandia ein herleg onsdagskveld vidare :)

mandag 2. november 2009

Casa Interiør

Berre innom for å vise dere nokre av dei fine Casa-varene eg fekk før helga. Noko av det har eg sendt ut til dei som kjøpte det, og noko har eg plassert fint sjølv her heime;)



















Her er min absolutte favoritt!! Denne har eg beholdt sjølv. Nydeleg juledekorasjon:)