søndag 13. september 2009

Fått utfording:)

Eg har fått ein utfordring om å skrive 10 ting om meg sjølv, så det er vel berre å setje i gong;)

1. Eg har hatt (nesten) alle verdas fargar i håret mitt! Knallraudt, svartblått, blondt, brunt, svart, oransje osv. Eg gjekk på frisørlinja, men tok aldri lærlingtida, så det var ikkje noko frisør ut av meg desverre..

2. Har alt for mange ting eg har lyst å drive med! Blant anna er eg kjempeinteressert i sminke, og hår framleis, styling, mote osv, så eg har tatt NKI mote og styling, så er motekonsulent NKI. Ein dram er jo å kunne vere stylist! Men det får vere på hobbybasis trur eg.. ;)

3. Ein anna ting eg har lyst å bli, er personleg trenar! Då eg var yngre, dreiv eg med både fotball, volleyball, svømming og ski. Eg gjekk på idrettslinje på folkehøgskule for nokre år sidan, og det ga meirsmak! Sidan eg tar lærarutdanning no, skal eg ta idrett/kroppsøving i løpet av studiet, så det kan fylle litt av behovet mitt. Det hadde jo vore kjekt å vere både lærar OG personleg trenar/instruktør.

4. Eg bur i ei gul leilighet, med 2 etasjar, som snart blir 3 etasjar! Men her vil eg ikkje bu lenge, vi skal flytte på gard etterkvart, sidan sambuaren min er odelsgutt, og då ønsker eg meg hest:)

5. Eg elskar å danse, men har fått gjort for lite med det, og digger mest av alt hip hop!! Har og begynt å like moderne.

6. Alt som vi ikkje kan sjå, ta eller føle på er interessant for meg. Det overnaturlege og det mystiske er så spennande! Alt frå draumetyding til livet etter døden! Men gjenferd, det håper eg at eg aldri kjem til å sjå sjølv!

7. Eg er kjemperedd for edderkopper! Livredd!!

8. Somar, sol og fjelltoppar er noko av det herlegaste som finnast! Med rask pop på øyra;)

9. Før likte eg alt av brunt interiør, no vil eg ha alt kvitt!! Så det er veldig bra at mørkebrunt og kvitt går fint ilag! Elskar interiør, detaljar og dill dall!

10. Har jobba mange stader. Eg har vore stuepike på hotell, reinhaldar på psykiatrisk klinikk, assistent i skule/SFO, butikkmedarbeidar i klesbutikk, medarbeidar på Shell, butikksjef på Bianco Footwear, og er no sekretær på sjukehus, i tillegg til ekstrahjelp på Vero Moda/Jack & Jones. Savner skobutikken kjempemykje, men liker meg kjempegodt på jobbane eg har no!!

Puh, det var 1o ting om meg, og eg kunne sikkert komt på mykje meir:p Det var jo veldig mykje "eg har lyst til", men det får så vere! Elles kan eg jo nemne at eg har verdas beste datter!! ;)

Tusen takk for utfordring, Englefjes!! Eg trur nesten eg må sende den vidare til nokon andre, men "kjenner" ikkje så mange her endå, så eg sender den kun videre til søstra mi, Linda!! :D

1 kommentar:

  1. Takk for utfordringen :) Er litt dårlig på å svare på sånne (fekk så mange ein periode), men vi får sjå kva som skjer (trur faktisk eg har fått akkurat denne tidligare- så kanskje eg no virkelig må gjere noko med den) :)

    SvarSlett