tirsdag 15. september 2009

Litt frå rommet til gullet:)

Her er den kjempefine vogga som Angelica fekk til dåpen for 3 år sidan. Eine tanta har mala den, og er noko av det finaste Angelica har:) Pusen likar den og;)


Året ho er født er mala inn på sida av vogga.


Og sjølvsagt ei prinsessekrone for prinsessa:)


Fine A'en på døra:)


Her er dei nydelege vimplane som eg bestilte av guttemamma, på hennar kjekke vimpelfabrikk! http://guttemamma-denlillevimpelfabrikken.blogspot.com/ Er så fornøgd med dei, og for ein service! Tusen takk, guttemamma!:D


Nydelege vimplane, den lekre gitaren frå Kremmerhuset, og eit hemmeleg skrin som eg bare måtte kjøpe til jenta mi då eg var i Ungarn i vår. Dei graverte inn namnet hennar og:)


Endå noko meir som tanta har laga. Eit fint bilete som har hedersplass på rommet:)


Denne puta er så søt. Ho fekk den av mormora, kjøpt på Kid. Og namnet Angelica betyr jo: "lik ein engel" :)

Rommet til Angelica har eg veldig lyst å gjere noko med. Vi har ikkje gjort noko med soveromma etter at vi flytta inn for litt over eit år sidan, men det blir vel med tida.. Har lyst å ha kvit huntonitt på veggane, og male alle skap og skuffer kvite, og heller freshe opp med lys rosa, eller beige. Men Angelica er no fornøgd uansett ho, og det er no det viktigaste:)

Litt oppdatering frå måndag og i dag: I går var eg innom jobb for å lære meg noko som eg ikkje kunne frå før, greit å kunne mest mogleg, då er det fleire moglegheitar for å få jobbe når det trengs:) Eg gjekk tur i sola, var heime og daffa, og seinare såg vi på onkelen til Angelica som spelte fotballkamp. Ingenting blei gjort denne dagen, verken husarbeid eller skulearbeid.. Litt dårleg samvittighet, men....

I dag har eg vore på jobb, og etterpå var eg og Angelica på butikk og kjøpte ny regndress til ho. Ho vekse så fort, og dressene blir for korte for ho. Men no har ho ein ny raud og prikkete regndress som ho kan bruke i barnehagen:) Kjøtdeig og makaroni til middag, papsen hennar var heime, så eg gjekk meg ein god tur med bikkja, og kosa meg i solarium litt, før eg no sit her og venter på at Grey's skal begynne! Oi, det er jo no! Ha ein fin kveld, alle saman:)

3 kommentarer: