Eg har så lyst på eit slikt kvitt sett til min fronthage!! Er så nydeleg! Men er vanskeleg å få tak i om ein ikkje vil bruke for mykje penger på det... Det eg lager til i hagen foran huset, blir lite brukt, sidan det er den lille bakhagen og terrassen vi pleier å nytte. Om nokon veit om kvite utemøbler, helst i eldre look, sei gjerne ifrå. Tar hjerteleg imot tips:)
Skikkeleg stilig er det og med fuglebur. Eg treng eit kvitt eit, og skal nok ikkje ha fuglar inni, men grøne, pene planter:)
Nei no er det natt for lenge sidan... I morgon skal eg, dotter mi på snart 3 og mor byrje å plante litt i blomsterbedet i bakhagen min. Blir kjekt å begynne på det! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar