No har eg nett bestilt ein slik kjempefin sjablong, og gleder meg til den kjem. Dette er noko ein alltid kan lese og minne seg sjølv på! Eg treng iallfall å minnast på dette innimellom. Det er ikkje alltid like lett i vår materialistiske verd, men ein må ikkje gløyme "oss". Eg er så glad i lillejenta mi!! Og det første eg skal gjere i morgon tidleg når ho roper fra rommet sitt; "mamma/pappa, eg e våken!", er å springe inn og gje ho ein stoooooor klem og seie kor mykje ho betyr for meg! Sjølv om ein ofte klemmer og koser, kan det ikkje bli for mykje vel...?!:)
Koselig. E jo populært med sånne veggord (men eit tips e jo å bestille orda ferdige- men kanskje dyrere også). Eg vil gjerne låne sjablongen om den kan brukes fleire gonger :)
SvarSlett