torsdag 22. oktober 2009

Gangen som eg aldri blir fornøgd med..

Jammen er det vanskeleg å innrede ein gang/hall/entre... Eg blir ikkje fornøgd uansett, eg synast gangen er for trang og for liten og for enkel, men samtidig for rotete... Kva skal eg gjere for å få det slik eg eigentleg vil ha det tru?! Bygge ein ny gang..?! Det blir jo ikkje med det første... Trur nesten eg må la det vere slik frem til vi skal bygge ny trapp neste haust, og om nokre år skal vi flytte herifrå og byggje vårt eige hus! Då skal eg iallfall ikkje ha noko trang og liten gang! Då skal eg ha ein stor og luftig entre, og alle seier "WOW!" når dei kjem på besøk!:p Det er no lov å drøyme... Men tenk då... ei stor kvit dobbeldør, og når du kjem innanfor er det ein stor hall og laaangt opp til taket, trapper som vender seg oppover til andre etasje på begge sider av hallen! Og oppe der trappene møtast ser du ei stor lys loftstue. Store åpningsdører fra alle kanter inn til ei herskapeleg spisestue på eine sida av hallen, eit nydeleg kvitt kjøkken på andre sida og ei stor, men heimekoseleg stue med bjørneskinn på gulvet under trappene... Ååå... jammen er det godt vi har lov å drøyme litt, jenter....;)


Her er iallfall min gang.... Kva skal eg gjere her for å få det koseligare?
Inngangsdøra har eg såååå lyst å male kvit.... Spørs om eg får lov av mannen og av borettslaget....


Her i entreen har eg denne benken, som eg heller hadde kjøpt i kvit, hadde det vert no...! Men då eg kjøpte den, var eg kjempeglad i brune møbler, og var superglad for kuppet eg fant..;)
Men ei fillerye hjelper no på...;)

Nydelege jenta mi på bileta, ramma er kjøpt på Perfect Home-party, kjempefin i valnøtt, og eg skal ikkje seie at eg heller ville hatt den i kvit... Nei der sa eg det visst... jaja...;) Men veit ikkje heller om eg vil male eller lakke den, for den er jo såpass dyr og fin at eg kan jo øydelegge heile ramma då... Skopusseboksen er og frå Perfect Home,



og den er stappfull av skopuss og pleie frå Bianco Footwear:)




Her står eg i entreen og ser inn i gangen, listene er satt opp og eg skal til å endeleg få setje tinga mine på plass:)


Taa daaa....

Her er eit knippe av mine mange kjære ting; Sinkhjerter med roser oppi og krusifiks, Fadervår i ramme, mugge og fuglebur. Nokon som kan hjelpe meg med å finne ut kva eg skal ha inni fuglehuset?? Eg har tenkt på kongler, mose og litt greiner, iallfall no når det nærmar seg jul.. Andre forslag??

Mugga er frå Lobelia, veldig fin synest eg!



Fadervår og kvit ramme, kjempeskjønt..


Sinkhjerter og roser til dekorasjon.


Den stappa kroken vår med yttertøy, sko og litt dill øverst...;)


Trappa opp til stue, kjøkken, kontor og bakhage. Malte trappa kvit i sommar, og det vart veldig bra med dei trinnbeskyttarane. Har to av dei lysestakane som pryder halvplanet i trappa, dei er og frå Perfect Home. Og så har vi jo og den fine og skeive (!) sjablongen min....;)


Og heilt til slutt, no har gyngestolen min fått seg den etterlengta puta si! Den kjøpte eg i stad, for berre 25,- på Jysk, og tenkte for meg sjølv at den måtte no passe perfekt, og gjett om den gjorde! Sa eg at den kosta berre 25 kroner?! Hihi... Eg blir så glad når eg finn slike scoop! Og saman med teppet som eg fant i alt rotet mitt på boda, blei det jo ikkje så aller verst...?

Så... det var litt frå vår entre og gang! Vi har ikkje hengt opp noko på veggane endå, men eg har ei nydeleg klokke eg vil ha der, eit par fine knaggar og ei kvit hylle med skuffer. Veit ikkje heilt kva sambuaren min meiner om alt dette, han seier så lite... Kanskje han synest det er berre tull å ha slikt "dill", eller kanskje han synest det faktisk er fint og koseleg, han vil berre ikkje innrømme det...:p Satser på det siste eg.... Ha ein kjempefin torsdag alle saman ♥

7 kommentarer:

  1. Ble veldig fint i gangen din, syns jeg! Og hvis du ikke skulle få lov å male døra hvit så tar den faktisk opp igjen fargen i listene dine. Er jo fint det også :)

    SvarSlett
  2. hei på deg!! :-) Jeg syntes det ble kjempe fint jeg :) skikkelig koselig..
    I sånt fuglebur er det mange som putter planter inn. Jeg har også sånn, men jeg har ikke fått inn noe enda..
    Tusen takk for det du skrev på siden min, føler meg faktisk verre i dag, men man må vel bli verre for å bli bedre.. Off :-( Men satser på at helga blir jeg bedre.
    Håper alt er bare bra med deg! Klem klem

    SvarSlett
  3. Synes gangen din var fin jeg! Den perfect home ramma har jeg malt hvit, og pussa litt på kantene så den ser litt slitt ut, ble fint det! :-) Håper du har en fin kveld! Klem-Mia

    SvarSlett
  4. hmmmmm... ja vel! Jeg vet ikke.. Prøvde å hinte med å ta en test, siden min samboer har utrolig dårlige lunger(om han skulle få noe av det svinet ligger han dårlig an). Men hun anbefalte meg å ta vaksina.. og at jeg var ikke første prioritert til å ta test eller vaksina. Så jeg fikk bare gå hjem og bli frisk! så om jeg har eller ikke, hakke peiling.. Verker i ledda ja, uheldigvis.. :s

    klem

    SvarSlett
  5. Eg synest gangen din er fin, eg. Du synest kanskje ikkje den er perfekt, men ofte må ein berre gjere det beste ut av det ein har og prøve å vere fornøgd med det.
    Sånn er det iallfall med huset mitt. Det er mykje som hadde vore enklare (og finare) om huset var på ein anna måte- men eg må berre gjere det beste ut av det eg har... og sidan eg ikkje rekk alt på ein gong, så må eg ta det litt og litt... in babysteps :)
    Og kanskje ein gong... så får eg eit fint, ordentlig, koselig, ryddig og systematisk hus :)

    SvarSlett
  6. Kvit dør hadde jo gjort seg kanskje- spent på om du får gjort noko med den :)

    SvarSlett
  7. Hej!
    Prøvde å legge igjen kommentar igår, men tror pcen min var litt f*****...:)
    Ville ihvertfall bare si at jeg syns du har det kjempefint i gangen, og det ble veldig fint med gyngestolen og den nye puta:)
    Tror jeg også må ha meg en tur på jysk!

    -June

    SvarSlett