lørdag 17. oktober 2009

Juleshopping i julebyane ♥

Jul jul jul! Klarer nesten ikkje vente! Jul, jul kom igjen, jula er min beste venn... hmm.... var vel eit par ordfeil der, men kanskje eigentleg ikkje..?!;)


Vi har nokre år før jul tatt englandsbåten frå Bergen over til Newcastle. Det er ein kjempefin tur, og vi kosar oss med restaurantane, taxfree, musikk og dans, kald frisk luft på dekk, og full juleshopping i Newcastle sentrum eller på Metro-senteret utanfor byen. Dette er ein ganske rimeleg tur, og noko alle burde unne seg i julerush og julegåveshopping. Metro-senteret er gedigent, og du er god om du rekk gjennom alle butikkane på laurdagen der vi tar bussen til senteret kl.9 om morgonen, og reiser heim kl.18. Jammen er ein slitne i beina etter den dagen! Men då er det ekstra godt å reise tilbake til båten, nyte synet av alle dei fine engelske gåvene du har kjøpt, og ete god mat på restaurant og ta ein god drink. Det einaste er at været kan vere regn, storm, og fleire meter høge bølger. Så det er ikkje for dei som er pysete og blir lett dårlege i båt! Sist gong vi var, var det sagt at det var 9 meter høge bølger, og eg hugsar då vi gjekk i gongane på båten at vi gynga, sklei frå side til side, og måtte halde oss i rekkverk der det var det. Fata på borda i restaurantane ville ikkje stå i ro, og eine natta datt vi nesten ut av senga, og tinga i lugaren for frå side til side! Spennande, og nervepirrande! Men er ikkje alltid veret er så gale, og det er så deilig med ein slik tur før jul.

Legg ved nokre nydelege julebilete av julebyar.. :)



Her er eit nydeleg julebilete frå Berlin ♥


Barcelona ♥



Amsterdam ♥



Stockholm ♥


Lisboa ♥



Roma ♥ ♥ ♥




Praha ♥




London ♥





New York ♥





Paris ♥

Avsluttar med bilete frå København! Kanskje vi skal prøve den byen neste år, til juleshopping og førjulsnyting...:)

Nisse og gutt i København

Tivoli i København

Julegate i København
I år skal vi til USA i romjula, så blir nok ikkje noko juleshopping i førjulstida i år. Men USA i jula og nyttårsafta på cruise, kan jo ikkje vere så verst det heller..? :p

10 kommentarer:

  1. Åååå,nå gleder jeg meg til juul:) Så mange flotte bilder du har lagt inn. Kan jo drømme seg bort aldeles. Men sånne båtturer er ikke noe for meg hehe. Hater bølger:( Holder med noen turer til nærmeste by ;D

    SvarSlett
  2. Nydelege bilder av jul her! Eg var i New York på Blommingdales, og der har dei ein heil etasje med jul heile året! Herleg! Gledar meg eg òg...

    SvarSlett
  3. Nå har jeg endelig tatt utfordringen din :) Litt treg her i det siste :)
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  4. Fyll bare på med juleinspirasjon!!! Jeg er kontaktlærer på 4.trinn....ikke lett å være kontaktlærer og ille ha full stilling,men det går nå på et vis.
    klem

    SvarSlett
  5. Så kjekt med tur til USA i jula! Har alltid syntes at storbyturer i utlandet frister, men jobbmessig så er det en travel mnd, og ikke lett å komme seg ut på tur. Så flott blogg du har, her kommer jeg gjerne igjen!!! Og takk for besøk og fine ord! Ha en fin ukestart! Nattaklem fra Anita

    SvarSlett
  6. Heisann!
    Kom heilt tilfeldig over bloggen din. Artig! Du har ein flott blogg, som eg nok kjem til å "stikke innom" igjen.Eg elskar jula, og det var spesielt kjekt å sjå julebilda. Gledar meg til jul eg og, sjølv om eksamenspresset øydelegg litt av gleda med alle førebuingane. Men no er det oppgåveskriving......

    SvarSlett
  7. Hei! så hyggelig at du følger bloggen min.. og gjett om jeg ble glad av å se det er flere som har juleinnlegg.. herlig.. er det ikke verdens beste tid vi går i møte?? ønsker deg en god uke!!

    SvarSlett
  8. Nydelige bilder, har alltid drømt om juleshoppin i en storby, sikkert gøy! Godnatt

    SvarSlett
  9. Er også sååå klar for jula:) Superkoselig!
    Du er kansje midt oppi eksamenslesinga...
    Håper du får tid til å kose deg også, i høstmørket og med juleforberedelsene:)

    Klem June

    SvarSlett
  10. Så mange fantastiske julebilder.. Elsker julen :)
    Jo, den duken kostet 299 pr. meter. Litt dyrt, men sååå verdt det. Har nettopp fått den i posten :)

    SvarSlett