fredag 2. oktober 2009

HOME SWEET HOME!

Må nett vise den herlege kjøkkenserien min, frå Perfect Home! Ei veninne av meg som er forhandlar, og eg har vore ein svært god kunde hos ho! No når eg sjølv skal selge Casa, finn eg nok mykje fint der og, men kjem nok ikkje til å slutte å handle hos ho, om eg finn noko eg verkeleg vil ha:)







Ååå så herleg det er å vere heime!! Har nett komt inn døra etter ei skuleveke heimefrå! No skal eg snart lage middag til dei som kjem frå jobb og barnehage, og eg gledar meg sånn til å sjå dei! Føler at for kvar gong eg kjem heim etter ei skuleveke (er vekke på skulen 6 veker kvart år) snakkar dottera mi mykje meir og lettare, så eg er spent på å høyre ho. Ho veks altfor fort iallfall, det er sikkert! Og munnen går i eitt;) Søte ho!!

Og så godt det er å vere tilbake her på bloggen og! På grunn av dårleg nett (eller kva det var) på hotellet, får eg ikkje logga inn på bloggen! Så det var maks koseleg å få opna bloggen skikkeleg igjen, og sjå kommentarar, nye følgarar og mykje nytt på andre sine bloggar! Skal sette meg ned i kveld og kose meg i blogglandia:) Sjølv om eg heller skulle gjort skulearbeid, men først litt meir interessant lesing! Matte er ikkje interessant, berre ufatteleg vanskeleg og uforståeleg!! Blir frustrert kvar mattetime, siden eg ikkje skjønar nokon ting, og føler eg er den einaste. Så no blir det godt å sitje heime aleine, og heller vere frustrert for meg sjølv, og rekne matte i mitt eige tempo!

I morgon skal eg på min nye ekstrajobb, som eg gleder meg mykje til!! Har savna å jobbe i butikk, sidan vi la ned skobutikken der eg var så heldig å vere butikksjef, men no fekk eg tilbod om å begynne som ekstrahjelp på Vero Moda/Jack & Jones!! Og sjølv om eigentleg ikkje kan ta på meg meir, så kan eg ikkje seie nei til å jobbe der, med klede og mote! Så no blir det fullt kjør fram til jul, med jobben på sjukehuset, på Vero Moda, med Casa Interiør, skuleoppgåver og eksamener og i tillegg mykje trening og familieliv! Puh...!!;)

8 kommentarer:

  1. Da har du litt å gjøre ja:)
    Kjempefin serie. LIkte spesiellt godt brødboksen:)

    -June

    SvarSlett
  2. Hei i natten!!
    Hatet matte på lærerskolen...kom opp til eksamen og:-(
    Nå elsker jeg å undervise det,så det er håp!!
    klem

    SvarSlett
  3. Ønsker deg også en nydelig helg:) Likte serien og spesielt brødboken:) Klem monica

    SvarSlett
  4. Hallo, Snuppa!!! Og tusen takk for kjempekoselige kommentarer :)
    Så fin kjøkkenserie du har. Pefect Home har jammen meg mye fint.Nydelig!!! Håper du koser deg i høstværet, sammen med den lille dattera di :)

    Klemmer fra meg

    SvarSlett
  5. Kjempefin serie, likte veldig godt brødboksen, den var flott:)) Perfect home har mye fint, har vært på noen partyer, alltid like koselig og kommer stort sett alltid hjem med noe:))Lykke til som selger...
    Ha en fin helg!
    Klem

    SvarSlett
  6. Tuuuusen takk for alle dei fine kommentarane:) Eg og har denne serien, iallefall noko og meir skal det bli. Den e kjempefin!! E med på hesteryggen når som helst:))

    SvarSlett
  7. Den kjøkkenserien har jeg også! Og er veldig glad i den:-)

    Ha en flott søndag:-) Klem klem

    SvarSlett
  8. Borte bra, men heime best ;) Du er nok litt som meg... lager deg meir arbeid enn du egentlig har tid til :) Men no nærmer det seg jul og Floridatur!! Det blir bra!

    SvarSlett